OLAV GARVIK

Striden har ikkje lagt seg etter at Vegdirektoratet tidleg i desember retta krass kritikk mot bruselskapet for unødig pengebruk og slurv med rekneskapsføring. Det har m.a. gått sterkt inn på styret at veidirektør Olav Søfteland held fast på kritikken av alkoholvanane.

Han meiner at selskapet har påført seg urimeleg store kostnader ved kjøp og servering av alkohol. I eit svarbrev frå bruselskapet går det fram at det er kjøpt alkoholhaldig drikke i samband med styremøter for om lag 8.000 kroner — det meste i 2002. Ved fleire høve var det gjester til stades.

Men Søfteland har forsterka og utdjupa kritikken i eit nytt brev til ostringane, datert 5. januar:

«En har således påpekt kostbare restaurantbesøk etter selskapets styremøter, og en har herunder påpekt et alkoholkonsum opp mot kr. 300 pr. person på et tidspunkt da alkoholservering som hovedregel ikke var tillatt etter offentlige regulativer.»

- Berre tull og tøys

— Dette grenser til tull og tøys. Vi snakkar om reine bagatellar som er blåst opp. Du kan trygt slå fast at vi er provosert av veidirektøren.

Styreleiaren i Osterøy Bruselskap A/S, Birger Skår, legg ikkje fingrane imellom når han snakkar om tilhøvet til Vegdirektoratet og vegdirektør Olav Søfteland. Det er som ein krigstilstand der det eine brevet er krassare enn det andre. Torsdag i veka som kjem skal styret drøfta ny og sterkare lut som i brevs form skal ekspederast til Oslo.

— Vi ser oss nøydd til å svara på dette, for vi kan ikkje ha desse skuldingane hengande på oss, seier Skår til Bergens Tidende.

- Vi kunne jo betalt sjølv

— På toppen av det heile har vi bedt om eit møte med direktoratet for å rydda opp, men utan å få respons på det, seier Erling Raknes som er nestleiar i styret og tidlegare ordførar på Osterøy.

— Det er heilt ufatteleg, og direkte småleg av Vegdirektoratet å slå ned på det som gjeld alkoholservering, for styret har då aldri vore ein flokk drukkenboltar. Vi kunne jo endeleg ha betalt for drikkevarene sjølv. Men det hender rett som det er at vi får servert ein konjakk til kaffien også når vi er på andre tilstellingar, så dette dreier seg rett og slett om alminneleg folkeskikk. Ein del av vinen som er servert har forresten vore til gjester vi har hatt, seier Raknes.

Høgare bensinavgift?

Birger Skår opplyser at styret har vedteke å gjera slutt på alkoholservering på selskapet si rekning, med unntak for gjester når det er naturleg.

Han har elles irritert seg sterkt over at veidirektøren bryr seg med ei lang rekkje andre «bagatellar» enn dei som gjeld alkohol. Det er og fleire direkte feil i skuldingane frå Søfteland:

— Eg ser ein tråd i desse skriva, og med bakgrunn i samtalar med folk i Vegdirektoratet er eg overtydd om at Søfteland og hans folk har ein annan agenda. Dei vil rett og slett at staten skal overta heile drifta av bompengeselskapa. Dei har også røpa seg på annan måte. Bompengeinnkrevjing etter dagens metode er for tungvint. Dei vil heller auka bensinavgifta, som så skal inkludera bompengar, meiner Birger Skår.