ÅSHILD ØSTERBØ ULVEDAL

I vegvesenet sitt utkast til Nasjonal transportplan (NTP) 2010-2019 er ikkje Strynefjellet prioritert før i siste del av perioden.

Jan Øhlckers seier til Fjordingen at rassikringa og tunnelutvidinga på riksveg 15 Strynefjellet må skje i perioden 2010-2013. Fylkesrådmannen understrekar at Strynefjellet er eit viktig aust-vest samband mellom Søre Sunnmøre/Nordfjord og Austlandet.

Øhlckers nemner også fire andre prosjekt han meiner er viktig å få starta dei første fire åra. Desse er: E39 Torvund-Teigen i Høyanger, E39 Lavik ferjekai, E39 Vadheim-Sande og E39 Anda ferjekai i Gloppen.