• Folk er vande med å venta på politiet her, seier politibetjentane Thomas Sørensen og Roald Apelthun. Dei er glade for at strilane er tolmodige.

Treng folk på Sotra, Askøy og Øygarden politiassistanse, er det ikkje alltid dei kan få det på timen.

— Vi kan ikkje vera to stader på ein gong. Skjer det to alvorlege episodar, må vi prioritera. Det kan vera stressande både for oss og dei som treng oss seier, dei to.

Det var stille både i telefonen og på politiradioen då BT møtte dei to i går kveld.

Sørensen, som til dagleg er politibetjent ved Fjell og Sund lensmannskontor, og Apelthun, som er stasjonert i Øygarden, såg attende på ei stille vakthelg. Politibetjentane var i rute med arbeidet og førebudde seg på å køyra ut på trafikk-kontroll.

— Trafikkulykker har høgast prioritet. Heldigvis er det ikkje ofte det skjer to alvorlege ulykker samstundes. Men etterforsking av innbrot må ofte venta, seier dei to.

Elles er dei vakthavande politibetjentane glade i styggever.

— Då held folk seg rolege og det vert mindre å gjera på oss. Men vert det glatt føre, kan det fort verta altfor få med berre to politibetjentar på vakt., seier Sørensen og Apelthun.