I lange tider har folket busett seg der dei funne seg muligheiter til å overleve og leve av naturen. Sjølvsagt vart slike lokalitetar vald utifrå eit par viktige ting som jord og tilgang til sjø eller vatn.

Det er ikkje få industristader som er etablert der det finnes elver og tilgang til sjø.

Strandsoneproblemet og utnytting av denne har den siste tida dukka opp i og med at miljøvernministeren vil ha statleg styring med all utbygging i strandsona.

Med dette har regjeringa uttrykt alvorleg mistillit til det lokale forvaltningssystemet.

Slik ein kan forstå dette er ikkje det lokale forvaltningsnivået, Kommunestyra, kompetente til å ta hand om strandsoneforvaltninga.

Med dette må ein berre forstå at mange grunneigarar og politikarar rundt om i Kommune Norge, ikkje i stand til å vite korleis strandsona skal nyttast også med tanke på komande generasjonar.

Strandsona er noko av viktigaste vi har for å skape arbeidsplassar, skape gode lokale bumiljø for å stanse eit ras av fråflytting frå for eksempel Gulen Kommune.

I Gulen som andre kommunar i Sogn og Fjordane, har vi kilometervis med strandsone som berre ventar på å bli brukt.

Folketalet må opp dersom ein over tid overleve som distriktskommune og då må vi berre utnytte det vi har å tilby for å skape attraktive bu— og næringsområde, også i strandsona.

Gulen Høgre vil leggje stor vekt på grunneigarar og etablerarar sine synspunkt i all form for utbygging også vedrørande strandsone forvaltninga.

_Arve Mjømen,

førstekandidat Gulen Høgre_