• Eg vil ikkje skulda fylkespolitikarane for at kollektivtrafikken i Bergen får så lite. Det er vi på Stortinget som må ta skulda for det, seier Ap-politikar Ranveig Frøiland.

Hva er viktigst for at du skal ta bussen? JOHN LINDEBOTTEN john.lindebotten@bergens-tidende.no— Sanninga er at fylket ikke har hatt nokon ting å fordela til kollektivtrafikken i Bergen. Vi er vel kjende med det store skilnaden mellom Oslo og Bergen når det gjeld støtte til kollektivtrafikken. Dette er eit problem vi har hatt fokus på, men eg kan vel ikkje seia at vi har arbeidd nok med det, seier ei sjølvkritisk Ranveig Frøiland. Ein milliard ekstra frå Sp Fylkespolitikar Rune Skjælaaen, Sp, som er leiar i samferdsleutvalet og skal på Stortinget til hausten, er glad for å verta frikjent av Ranveig Frøiland.Skjælaaen kritiserer Hordalands-benken på Stortinget for å ha gjort for lite for Hordaland og Bergen. Men frå hausten tek han sjølv plass mellom dei som avgjer kva statsmidlane skal brukast til.Likevel vågar han spranget: - Senterpartiet vil arbeida for at kollektivtrafikken vert tilført ein milliard ekstra kroner. 20 millionar frå Ap og KrF Ranveig Frøiland har ingenting imot ein slik sum, men med lang røynsle frå Stortinget vil ho heller ikkje i eit valår lova meir enn ho trur ho og Arbeidarpartiet kan halda.- Vi må gjera ein skikkeleg polititisk jobb for å få pengar, og vi må i alle fall ha som mål at dei 20 millionar kronene i ekstraløyving, som Bergen har fått i år, også kjem neste år, seier Frøiland.Ingebrigt Sørfonn (KrF), frå finanskomiteen, er rg samd i at desse pengane må førast vidare, på ein eller anna måte. - Fylket bør ha ansvaret - Men vi ynskjer og at tilskotet til kollektivtrafikken vert knytt opp til kor mange passasjerar selskapa greier å lokka inn på bussane. Vi meiner at det skal løna seg å gjera eit godt transportarbeid, og at gode resultat skal premierast, seier Sørfonn.Rune Skjælaaen er skeptisk til at Bergen kommune sjølv får ansvaret for å organisera kollektivtransporten i byen.- Etter mi meining har fylkeskommunen forvalta sitt ansvar for kollektivtrafikken i Bergen på ein god måte, seier Sp-politikaren, som meiner at Bergen i stor grad har seg sjølv å takka for at kollektivtrafikken har det så vanskeleg. - Bergen har fått eit mykje betre vegnett, men det er berre privatbilismen som har tent på det, seier Rune Skjælaaen.

... men AP-ministeren skylder på fylket "«Vi har ingen politikk for kollektivtrafikk»