Rune Hystad er overstyrmann på MF «Stord» som er teken ut av sambandet Halhjem — Sandvikvåg som følgje av sjøoffiserstreiken.

Hystad sin yngre bror, Bjørn (26), er vikarierande overstyrmann på søsterferja «Ullensvang» i samme sambandet. Han gjekk ned over 8000 kroner i månadsløn på å skifta frå tank- til ferjefart.

— Offshorenæringa går veldig bra no, og det er klart at lokalbåt- og ferjetrafikken misser mange offiserar dit. Nokre offiserar vel også landbaserte jobbar fordi løna om bord er så låg. Betalinga står ikkje i stil med ansvaret, seier Leif Ivar Bakke, rådgjevar ved Norsk Sjøoffisersforbund si avdeling i Bergen.

- Supplybåt freistar

— Det er klart at supplybåt freistar. Men eg trivest godt i jobben her på ferja, sjølv om løna ikkje er så stor, seier Bjørn Hystad.

26-åringen frå Tysnes var ferdig offisersutdanna i 2002. Som vikar på «Ullensvang» er han til no ikkje teken ut i streik. På jobb i går var det lite klager å høyra frå dei reisande. Det skuldast at MF «Ullensvang» fekk med seg alle bilane som hadde samla seg på kvar av ferjekaiane.

Med ei av fire ferjer ute av trafikk var det til tider likevel attståande bilar på Halhjem og Sandvikvåg.

Under kapteinen

Rune Hystad tok til som lettmatros i HSD i 1999 og har stige i gradene til overstyrmann gjennom utdanning og naudsynt fartstid.

30-åringen har i tillegg til å navigera båten ansvar for at vedlikehaldet om bord går som planlagt, han skal følgja opp øvingar, og har ansvar for billettinntektene.

— Som ansvarleg rett underr kapteinen er det ein god del å gjera, fortel streikande Rune Hystad. Også han er freista av supplybåtnæringa.

— Frå før er eg utdanna e-verksmontør. Hadde det ikkje vore for helgedagstillegga på ferja, trur eg at eg hadde tent meir som montør, seier Hystad.

Norske ferjemannskap i innanriksfart betalar i dag vanleg landskatt. Ein styrmannsjobb på supplybåt har gjerne 15.000 - 20.000 kroner høgare bruttoløn i månaden enn ei tilsvarande stilling på ferjer.