For første gong i historia blir ei kvinne fylkesmann i Sogn og Fjordane. Kongen i statsråd utnemda i Anne Karin Hamre (45) som statens fremste representant i fylket.

Hamre er i dag assisterande fylkesmann i Sogn og Fjordane, og har vore tilsett ved embetet sidan 1998. Ho har ikkje politisk erfaring, og har bakgrunn som journalist, høgskulelektor og administrativ leiar. Hamre har hovudfagseksamen i statsvitskap.

Hamre er mor til tre born. Ho seier i ein kommentar til tiilsettinga at folketalsutvklinga i Sogn og Fjordane blir den største utfordringa i jobben. Sentraliseringa er sterk i flylket. Folk flytter frå utkantane til sentrale område.

— Sjukehusstriden er og ei utfordring. Eg vil arbeide for gode løysingar, sier Hamre.

Fornyings-, administrasjons- og kirkeminister Rigmor Aasrud (Ap) stadfesta bt.no opplysningane bt.no kom med på en pressekonferanse klokka 11.30.

FØR OG NÅ: Tidlegare fylkesmann Oddvar Flæte saman med Anne Karin Hamre.,
JAN NYBERG (ARKIV)