• For eit småkraftverk er dette ei regulering som er vesentleg større enn det som er vanleg i dag.

Leiar i seksjonen for vassdragskonsesjonar i NVE, Rune Flatby, meiner likevel at konsesjonen BKK byggjer etter no er betre enn den gamle.

— BKK har ikkje fått høve til større nedtapping av Kløvtveitvatnet enn dei hadde. Men det er korrekt at det samla sett vil vere ei større permanent regulering i vatnet. Tilbake har vi fått mindre inngrep i Austgulstølvatnet som høyrer til nedslagsfeltet til det verna Ynnesdalsvassdraget i Hordaland, seier Flatby.

I følgje seksjonsleiaren var det ut frå ei samla vurdering det for tre år sidan blei gitt løyve til å endre utbyggingsplanane. Året etter starta BKK utbygginga.

— Det var ingen store innvendingar den gongen. Gulen kommune hadde eit framlegg om ein lang tunnel mellom Austgulstølvatnet og Kløvtveitvatnet, men dette blei det ikkje teke omsyn til.

— Ville det blitt gitt konsesjon i dag til så store reguleringar i eit kraftverk som trass alt produserer relativt lite kraft.

— Det er eit spørsmål som det er nesten uråd å svare på. Kraftstasjonen produserer kring 40 millionar kWh, og anlegget er dermed definert som eit småkraftverk. Men det er klart at dette etter måten er ei stor regulering, seier Flatby.

NVEs regionkontor i Førde har ansvaret for å følgje opp gjennom utbyggingsfasen. Ivar Sægrov seier dei har gitt BKK pålegg om utbetringar både i forhold til anleggsvegen frå Kløvtveit og hovudanleggsvegen inn til utbyggingsområdet.

Grunneigarane har lansert tanken om å leggje røyrgate på botnen av den austre delen av Kløvtveitvatnet, i daglegtale kalla Vetle Kløvtveitvatn. For med ei røyrgate som knyter saman tunnelen frå Austgulstølvatnet og tunnelen inn til vestre basseng av Kløvtveitvatnet, kan Vetle Kløvtveitvatn førast tilbake slik det var. BKK har avvist utspelet med at det både vil bli dyrt og teknisk vanskeleg.

NVE kjem ikkje til å ta dette opp med utbyggjaren: