Stormskyene ligg måndag ettermiddag over dei britiske øyane, men nærmar seg raskt.

Ifølgje dei siste prognosane vert det liten storm i dei mest utsatte kyststroka nord for Sognefjorden. Stormen treff truleg land tysdag kveld.

— Stormen vil spreie seg nordover natt til onsdag, gjennom Møre og Romsdal og Trøndelag, seier Ina Ynnesdal Sulen i Storm Weather Center.

Ved Stad ventar ein sterk storm. Folk i bergensområdet, derimot, slepp unna det verste.

— Her vert det stiv til sterk kuling i kyststroka tysdag ettermiddag eller kveld, seier Sulen.

Det våte veret i Bergen kjem til å halde seg nokre dagar til, men det kan vere eit lyspunkt å sjå fram til.

— Eit høgtrykk er i ferd med å byggje seg opp over Storbritannia, så det er håp for helga. Framleis er det litt tidleg å seie korleis veret vert her, seier meteorologen.

— Vi kan få fint ver?

— Ja, tørt i alle fall, seier ho.

Sjekk webkamera: Bavallen | Fedje | Finse | Flåm | Fløyen | Helleneset | Eikedalen | Stryn | Voss | Vågen

Værmelding der du bur: Prøv værtenesta vår!