I dag sit kring 18.000 grunnskuleelevar seg på skulebussane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette er den første av mange, mange bussreiser i det nye skuleåret.

Men skuleskyss er skadeleg for barns helse, viser doktorgradsavhandlinga til fysioterapeut Astrid Noreng Sjølie. Derfor åtvarar ho no mot unødvendig skuleskyss og unødvendig foreldrekøyring.

— Ingenting kan erstatte dagleg gange i oppveksten. Heller ikkje fotball fem gonger i veka eller annan idrett, seier Sjølie til BT.

— Å gå er blitt mangelvare i dagens samfunn. Mi forsking tyder på at dette er ein av årsakene til auka ryggplager blant unge.

Ut å gå!

I sitt doktorgradsarbeid ved Universitetet i Bergen samanlikna Sjølie helsetilstanden til elevar som tok buss til og frå skulen med elevar som sykla eller gjekk.

Det viste seg at dei som tok buss fekk redusert ryggstyrke, dårlegare hoftebevegelsar og dårlegare balanse.

— Internasjonal forsking viser dessutan at kring halvparten av 15-åringane i heile den vestlege verda har hatt vondt i ryggen. Ein fjerdepart har hyppige plager, tenk på det!

Dårleg rygg er også eit aukande problem blant 8-10-åringar. No vil Sjølie få elevane opp av bussetet og ut på vegen: Bur elevane så langt unna at dei må ha skyss, bør bussen stanse to kilometer frå skulen, slik at barna kan gå den siste biten, dersom det ikkje er trafikkfarleg.

— Å gå til skulen er gratis mosjon. Kvar kilometer halverer risikoen for ryggplager blant ungdom. Dette er svært viktig for barnehelsa, hevdar Sjølie.

«Kjempebjørneteneste»

Foreldre som køyrer barna sine på skulen, bør også tenkje seg godt om.

— Dei gjer barna sine ei kjempebjørneteneste. Foreldre burde heller gå saman med dei, meiner Sjølie.

— Mange vil hevde at dei ikkje har tid?

— Alle treng mosjon, også foreldre. Det tek tid å gå og å trimme kroppen, og det bør langt fleire ta seg tid til. I neste omgang kan svekka helse føre til at fleire unge blir uføretrygda, slik vi har sett tendensar til. Men mentaliteten i dag er: «Kvifor skal vi gå?». Det er forferdeleg farleg for kroppen.

Seier Sjølie, som fortel at hennar eigne barn ofte gjekk det siste stykket. Som «gulrot» fekk dei bensinpengane som foreldra sparte.