— Helseministeren veltar ansvaret over på jordmødrene. Det er ein både uprofesjonell og forkasteleg oppførsel, seier talskvinne for sjukehusaksjonistane i Lærdal, Siv Enerstvedt.

Det var på eit møte på Høybråtens kontor sist tysdag at statsråden overhøvla ein delegasjon som skulle tale Lærdal-sjukehusets kamp. Overfor utsendingar frå Sogn og Fjordane fylkeskommune og Sogn regionråd karakteriserte helseministeren jordmødrenes og regionrådets kamp for sjukehuset som rein obstruksjon. Utsendingane frå Sogn og Fjordane opplevde det rett og slett som dei fekk kjeft.

Bergens Tidende mottok i går fleire sterke reaksjonar etter avisas omtale av episoden i det lukka møtet.

— Det statsråden no står fram med er både urimeleg og uredeleg. Kvifor han går til angrep på jordmødrene, og ikkje også snakkar om kirurgane som nektar å ta beredskap for naudkeisarsnitt, har eg vanskeleg for å forstå, Eg får håpe han berre hadde ein dårleg dag på jobben, seier Frode Myklebust. Han er no bedriftslege i Årdal, men har tidlegare vore tilsett som lege ved sjukehuset i Lærdal. Myklebust har engasjert seg sterkt i kampen for å oppretthalde fødeavdelinga.

Til BT forklarte statsråden i går utsegnene sine med at han ikkje kunne akseptere at delegasjonen frå fylket kritiserte ein prosess dei heile tida har motarbeidd. Statsråden karakteriserte jordmødrenes aksjon som ein protestaksjon.

— Vi har heile tida følt at ein jarnneve styrer utviklinga som no skjer i sjukehus-Norge. Dersom det er slik at helseministeren ikkje likar at folk engasjerer seg, bør han kanskje finne seg eit anna folk å vere helseminister for, kommenterer Bente Øien Haugen i Forsvar Lærdal sjukehus.

Sjukehusaksjonistane i Indre Sogn informerte i går heile stortingsbenken frå Sogn og Fjordane og Ap-leiar Jens Stoltenberg om avisoppslaget.