Han støttar dermed kravet frå Folkeaksjonen i Hardanger om at ei oppjustering av dagens linenett må utgreiast og vurderast seriøst.

— Statnett og NVE har forsømt seg ved at dei har ignorert den massive motstanden mot dei nye enorme kraftlinene i alle kommunane som ville kome i kontakt med kraftlinene, seier Henriksen.

Folkeaksjonen mot luftspenn meiner ei oppgradering av eksisterande liner til 420 kV i området er eit reelt alternativ, i kombinasjon med den planlagde nye 420 kV-linja frå Modalen til Kollsnes via Mongstad.

— Hordaland er ikkje eit fylke som er ukjend med kraftutbygging og kraftliner. Tvert om. Vi har kraftliner på kryss og tvers gjennom fylket. Jamt over har det gått greitt utan større problem. Hordalendingane har ikkje ei jomfrueleg haldning til dette temaet. Men denne nye lina som er planlagd gjennom Hardanger, blir for dryg kost, seier Henriksen, som tidlegare var leiar for Hordaland Ap.

- Kva skulle Statnett og NVE ha gjort?

  • Dei burde ha sett seg ned og tenkt nytt straks dei fekk den velformulerte og velgrunna kritikken mot planane. Dei skulle då ha utgreidd alternativ. I staden har dei stått på sitt, og late tida gå med fare for svikt i kraftforsyninga til Bergens-området.

- Kva er alternativet slik du ser det?

  • Dei burde satsa på å forsterke dei dårlegaste linene. Det er det mest aktuelle alternativet. Konsesjonssøknaden kom i 2006. Denne kravde fleire års førebuing. Det betyr at Statnett i alle fall i fem-seks år har kjent til behovet.

Behovet i Bergens-området er blitt større enn venta.

- Inneber det at ein nå er trengt opp i eit hjørne og likevel må akseptere «monstermastene»?

  • Nei. Det er fullt mogeleg å byggje ut ved å forsterke eksisterande linenett. Men eg innser at det kan føre til ein risiko for forsyningstryggleiken til Bergens-området i ein overgangsperiode.