Nok er nok for Gulen-ordførar Trude Brosvik. Dersom ikkje Alexela Sløvåg har ein sikker tidsplan klar i løpet av kommande veke, krev ho at staten tar over og får fjerna det giftige avfallet.

— Så får ein heller krangle om rekninga i ettertid. For no må det ryddast opp, seier Brosvik.

- Toler ikkje denne lukta

Lørdag var årsdagen for den voldsomme eksplosjonen i tankanlegget i Sløvåg. Som BT fortalde fredag, er det heilt uvisst når den gamle Vest Tank-tomta kan bli rydda for dei siste 400 tonna med potensielt stinkande, svovelhaldige jord- og grusmassar.

Les om eksplosjonen og se video her

På eit møte mellom Alexela Sløvåg, SFT og Gulen kommune torsdag kveld stadfesta selskapet at dei ikkje har kontrakt med nokon som kan ta hand om dei ureina massane.

Dermed risikerer folk i nærområdet å gå inn i sitt andre år med ekstreme luktplager frå ureininga etter eksplosjonen. Dei 400 tonna med ureina masse ligg i haugar dekka av presenning på Alexelas område. Verst er luktplaga på varme dagar. Dei kan det bli mange av i årstida vi no går inn i.

— Det er spesielt dei som vart mest utsett for lukt i den første fasen som framleis reagerer sterkt på at det framleis stinkar. Dei toler ikkje denne lukta, sjølv om den sikkert er svakare no, seier Trude Brosvik.

Rydding tar halvanna år

På møtet med SFT og kommunen sa direktør Håkon Ivarson i Alexela Sløvåg at dei jobbar for å få fjerna dei haugane med ureina masse før sommaren. Han kunne ikkje gje sikre garantiar for når det skal skje.

I tillegg står over 30.000 kubikk med oljeureina såkalla slopvatn igjen på tankane i det tidlegare Vest Tank-anlegget. Dette må reinsast og fjernast, noko som truleg tidlegast kan skje til hausten.

Dermed tyder alt på at minst eitt og eit halvt år vil gå før oppryddinga etter eksplosjonen er avslutta.

Seksjonssjef Bjørn Bjørnstad i SFT var på møtet i Gulen torsdag, og er ikkje nøgd med at ting dreg så langt ut i tid.

— Men vi må hugse på at det mest ureina og stinkande avfallet etter eksplosjonen allereie er vekk. Det som no står igjen er svakt ureina masse med langt mindre luktpotensial, seier Bjørnstad.

Trass i dette vegrar altså fleire aktørar seg for å ta imot massane.

Informasjon ut til folket

Alexela har altså lagt fram ein tidsplan om å fjerne massane innan sommaren og tømme tankane i løpet av hausten. Men garantiar kan dei ikkje gje.

— No er vi nøgd med at Alexela har ein klar plan, og det er tydeleg at dei jobbar hardt for å få dette til. Men det er klart vi er både skuffa og forundra over at dette har tatt så lang tid, seier Bjørnstad i SFT.

På møtet torsdag kveld drøfta partane også behovet for ytterlegare informasjon til folk i nærområdet, eksempelvis gjennom kunngjeringar i avisene.

Meininger om saka? Diskuter her!