Både Sari Leinonen frå Reksteren på Tysnes og Elisabeth Kjærland frå Leirvik var heldige som hadde fødeavdelinga på Stord sjukehus innan rekkevidde. Dei fødde kvar si velskapte jente på tysdag.

Begge fryktar at ein ekstratur til Haugesund — som fødande må bu seg på til sommaren - kunne ha medført store problem for dei og for ungane.

— Heldigvis hadde eg ikkje lang veg. Eg synest synd på dei i distriktet som skal fø til sommaren, seier Elisabeth Kjærland.

Trongt i bilen

— Det gjekk trass alt veldig fint med meg óg. Både jordmora og ambulansehjelparen var flinke. Men det var trongt inni bilen, seier finsk-norske Sari Leinonen etter ein lang bil- og ferjetur frå Reksteren. Først var det tre kvarters venting på ambulanse frå Lunde, så 40 minutt til Hodnanes ferjekai, ti minutts ferjetur og nye ti minuttar i bil til sjukehuset.

Til sommaren kan turen bli ein liten time lenger når fødande i Sunnhordland blir viste til Haugesund sjukehus medan Stord-avdelinga er feriestengt.

- Lite kjekt

— Det var ingen panikk. Jordmora kom oss i møte frå sjukehuset. Men det er jo ikkje kjekt å fø i ein sjukebil, eg tenkte mest på barnet, seier Sari Leinonen, som enno ikkje har funne namnet til sitt tredje barn.

— Eg har alltid tenkt på kor heldige me som har eige sjukehus der me kan fø. Og så kjem dette vedtaket om feriestenging. Det er klart ei ekstra belastning for fødande som må kjøra heilt til Haugesund, anten det er i ambulanse eller i privatbil. Det kan fort oppstå komplikasjonar med fødslar, og då er det lite å hjelpa seg med i ein bil, meiner Elisabeth Kjærland, som skal døypa sitt andre barn Tuva.

FØDDE PÅ «DØRSTOKKEN»: Elisabeth Kjærland t.v. og Sari Leinonen fødde kvar sine jenter på Stord tysdag, så å seia på dørstokken til fødeavdelinga. Til sommaren blir transporten ein liten time lengre til Haugesund.<p/> FOTO: OVE A. OLDERKJÆR