— Språket kan bli eit problem dersom fleire vel å tilsetja utanlandsk arbeidskraft, seier Sonja Ramsvik hos Fylkesmannen i Hordaland. Ho peikar på at særleg eldre bønder ikkje har dei språkkunnskapane som skal til dersom ein ikkje kan kommunisera på norsk.

Verre i fjøset

— Ein ting er sesongarbeid med bærplukking, ein heilt anna ting er å vera i fjøs, seier ho. Her må ein kommunisera om teknikk og ulike metodar, og det er elles mykje føring av norske kontrollbøker. Ho får støtte frå Lars Lilletun, dagleg leiar i Voss avløysarlag.

— Det er absolutt eit minus med dei som ikkje snakkar norsk, seier han.

Tar opp språkbarrierer

Norske Landbrukstenester (NLT) jobbar med problemstillinga.

— Kvar haust har me samlingar for avløysarlaga. I haust har me sett opp eit eige tema om bruk av utanlandsk arbeidskraft, seier dagleg leiar i NLT, Trygve Fredheim. Ein av problemstillingane ein vil ta opp er nettopp språkopplæring.

NLT har også saman med fleire andre organ i landbruket utarbeidd ei «handbok» for bruk av utanlandsk arbeidskraft, denne er distribuert til alle avløysarlag.