Det meiner leiar for næringskomiteen på Stortinget, Olav Akselsen frå Arbeidarpartiet.

Akselsen reagerer på sein sakshandsaming hos ESA, kontrollorganet for EØS-avtalen og vil at Sponheim skal engasjer seg personleg.

— Han bør gripe inn og purre på den saken, sier Akselsen.

ESA har brukt over sju månader på å avgjere om Helge Bakke skal få starte på nytt, etter at ein laboratorietabbe førte til at Bakke sitt anlegg for oppdrett av regnbogeaure-yngel vart stempla som smitta av det dødlege VHS-viruset.

I mars i år vedgjekk norske styresmakter at smitten kom frå ein virusstamme hos laboratoriet, og ikkje frå fisken hos Helge Bakke.

Det betyr at vedtaket om nedslakting og avstenging av området vintern 1998 var feil.

Både Helge Bakke og naboen, rognprodusent Magne Gjengedal har fått erstatning frå styresmaktene.

Men på grunn av EØS-avtalen må norske styresmakter gå til ESA for å få oppheva bandlegging av området. Så lenge området er bandlagt har Bakke og Gjengedal ikkje lov å selje fisk frå sine anlegg.