Ulukka hendte litt før klokka sju i dag tidleg på fylkesveg 48 ved Eidesvik skipsbyggjeri i Uskedalen i Kvinnherad kommune.

— To personbilar kolliderte. Ei kvinne er skadd og sendt med luftambulansen til Haukeland Universitetssjukehus. Det er spinnglatte vegar her i området, seier politioverbetjent Sigurd Børve ved Kvinnherad lensmannskontor til bt.no.

Sat fastklemt

Kvinna sat fastklemt i bilen etter ulukka, skriv uskedalen.no.

— Den 53 år gamle kvinna er lettare skadd. Ho er lagt inn på sjukehuset til observasjon, seier kommunikasjonsrådgjevar Anette Hellstrøm ved Haukeland Universitetssjukehus til bt.no.

- Ikkje strødd eller salta

Uskedalen.no skriv og at vegfarande reagerer på at vegen ikkje var salta eller strødd. Det var fleire hundre meter med kø etter ulukka.

— Vegen har vore stengt, men no klokka åtte starta ein med manuell dirigering forbi ulykkesstaden, seier vaktoperatør Ove Amundsen i Statens vegvesen til bt.no.

Andre saker om trafikkaoset i dag: