35 prosent av rutetilbodet fell vekk frå 2007.

– Dette er til å grina av, seier talskvinne for Fjelberg Bygdalag, Liv Irene Brekke til avisa Sunnhordland.

Det vesle øysamfunnet kan ikkje leva med at snøggbåtruta klokka 11.45 frå Fjelberg til Stord vert kutta. Dersom folk har ærend på Stord eller skal vidare med buss, må dei reisa klokka 06 om morgonen. Båten heim att går først klokka 15.10. Bygdelaget føler seg gløymd.

– Det som klart kjem til syne er at fylkespolitikarane har kjempa for ny rute frå Rosendal og gjeve blaffen i Fjelberg, seier Brekke. Ho meiner ei lita ekstraløyving, slik Austevoll fekk, er det som skal til for at Fjelberg får ruta attende. Elles er det spikaren i kista for det vesle øysamfunnet, meiner Brekke.