EVA RØYRANE

Det seier stortingsrepresentant Rune J. Skjælaaen som i går vart nominert øvst på Senterpartiet si liste i Hordaland.

— Vi representerer ein heilt annan røyndom enn den regjeringspartia snakkar om, statsrådane les altfor mykje Dagens Næringsliv og altfor lite lokalaviser. Det må gå ille med distrikta så lenge marknadskreftene får lov til å styra. No vil vi gå ut for å gjera alle folk til senterpartistar, seier Skjælaaen.

Vossingane prøvde å få varaordføraren sin, Kjellaug Ekse Brekkhus, opp frå femte til andre plass på nominasjonslista til komande stortingsval. Dei er redde mange på Voss vil bruka Arbeidarpartiet si liste ved valet, sidan det står ein vossing på sikker plass der.

Men det gjekk som nominasjonskomiteen ville. Sigrid Brattabø Handegard, partiet sin fylkesleiar frå Jondal, blei nummer to.

Skjælaaen fekk gratulasjonar og takk, blomar og beskjed om at no er læreguttida omme, at det er no alvoret tek til.

— Eg står her med ei litt anna kjensle no enn eg gjorde for fire år sidan. Det skal bli godt å gå ut i valkampen med eit samla parti i ryggen, kommenterte førstekandidaten, som håpar han kan få med seg Brattabø Handegard på Hordalandsbenken.

Stortingslista til Hordaland Senterparti:

1. Rune J. Skjælaaen, Bergen

2. Sigrid Brattabø Handegard, Jondal

3. Geir Pollestad, Bergen og Senterungdommen

4. Benthe Bondhus, Kvinnherad

5. Kjellaug Ekse Brekkhus, Voss

6. Per G. Jordal, Os

<b>LISTETOPPAR:</b> Sigrid Brattabø Handegard (til v.) og Rune J. Skjælaaen gratulerer kvarandre med dei to fremste plassane på lista til Hordaland Senterparti. FOTO: MARITA AAREKOL