— Historielaust og erkedumt!

Professor i nordisk, Willy Dahl, sparar ikkje på karakteristikkane. No er han mildt sagt oppgitt over foreldra til nokre av førsteklassingane som skal begynne ved Kyrkjekrinsen skole i Åsane til hausten.

Foreldra rasar, fordi barna deira må gå i nynorskklasse. I går sa ein far til BT at det hadde vore meir nyttig om elevane hadde lært svensk. Men no får han og dei andre foreldra passet sitt påskrive av språkprofessoren.

— Min første reaksjon var: Kor dum går det an å bli? Norge er det einaste landet i verda der folk skryt av at dei ikkje skjønar språket i sitt eige land, seier Willy Dahl til BT.

- Mangel på respekt

Etter hans oppfatning handlar ikkje denne debatten om språk, men om sosialt snobberi og fanatisme, eller i beste fall uvitenheit.

— Dette er sosial markering frå historielause innflyttarar. Det er nesten uhyggeleg, når innflyttarar trengjer til side den opprinnelege historia og kulturen på staden, og dermed også delar av den norske og bergenske historia. Eg kallar det mangel på respekt!

Dahl er elles sjølv innflyttar i Åsane.

— Om eg hadde hatt ungar i skulekrinsen, ville eg aldri drøyme om å aksle meg inn i skulestova for å forandre lokal sed og skikk, seier 75-åringen oppgitt.

- Historielaust

— Ungane har elles berre godt av å lære nynorsk. Då snakkar eg ut frå mange års pedagogisk erfaring.

Etter Dahls meining er foreldreprotesten i Åsane nok eit døme på at historieløysa breier om seg.

— Vi har til dømes sett det i Fana, der gamle, historiske namn blir endra til bergensk. Sjølv bur eg i Saudalskleivane. Det neste blir vel at dei vil døype vegen om til Fåredalsbakkene, og Åsane til Åsene. Forresten, desse folka veit sannsynlegvis ikkje eingong at Åsane er fleirtalsform av ås, humrar Dahl.

NYNORSK ER BRA: - Ungar har berre godt av å lære nynorsk, seier professor Willy Dahl.
ARKIVFOTO: EIRIK BREKKE