— Hunden måtte i sjøen, men eg kom meg i land på ein stige, seier Børge Risnes nokre timar etter at lakseføringsbåten «Øystrand» søkkte skøyta hans ved kai i Leirvik hamn i halv fem-tida i dag tidleg.

Tilfeldigvis var politiet i området og blei vitne til skipsdramatikken då MS «Øystrand» skulle leggja frå kai. Teknisk svikt i maskineriet gjorde det uråd for brønnbåten å bakka. I staden seig det vel 60 meter lange fartøyet framover og knuste den 49 fot stores treskøyta der Børge Risnes og hunden låg og sov.

— Jordskjelv - Det var eit forferdeleg brak. Trudde det var jordskjelv eller at nokon skaut på meg. Først kollisjonen, og så stålmasta som deiste i styrehustaket.

— Eg hadde videoovervaking på motorrommet og følgde med på korleis vatnet sttøymde inn. Holet i skutesida var så stort at eg kunne sjå botnen, seier Risnes.

— Det blir nok aldri båt av dette igjen, seier han etter å ha sett på skadene i dagslys. Den 60 år gamle reketrålaren som Risnes kjøpte i Porsgrunn i sommar ligg no på botnen inst i Leirvik hamn. Han fekk berga pc-en sin, men fotoapparatet er tapt. Det var politiet som rekte ut stigen som Risnes fekk berga seg i land på.

Artikkelen fortset under biletet.

Ikkje forsikra — Eg har brukt mange timar på å setja båten i stand, for å bruka han som fritidsbåt. No skulle eg fullføra arbeidet for å fullforsikra fartøyet. Eg har berre ansvarsforsikring på båten, men må vel få dekt noko, seier Børge Risnes, som meiner han har lagt ut rundt 250.000 kroner på fartøyet. Han har alt vore i kontakt med advokat.

— Eg må vel sjå meg om etter ein annan båt. Men først må eg rista av meg det verste sjokket. Hunden min Canto fekk óg litt av eit sjokk, og ligg no og kviler ut på Grand hotell, seier Børge Risnes.

Også ei flytebryggje blei knust i uhellet med brønnbåten «Øystrand», dessutan blei to andre fritidsbåtar påført skader. Brønnbåten fekk reparert feilen og forlet Leirvik i halv åtte-tida i dag tidleg.