— Kjempefint med ny veg. Det er som natt og dag i forhold til før då vi balanserte på kanten av stupet, seier tankbilsjåfør Lars Bondhus til Bergens Tidende.

Dagleg har Sunde Transport opptil 19 meter lange og 50 tonn tunge mjølkevogntog på vegen mellom Sunnhordland og Bergen. Lars Bondhus er glad for å sleppa den smale og svingete Uføro-distansen ved Jektevik på Stord.

Fredag opna distriktsvegsjef Astrid Eide og Stord-ordførar Magne Rommetveit den nye Agdestein-traséen og Uførotunnelen.

— Uføro var ein dritplass der vi kunne bli ståande så lenge og venta på møtande trafikk at vi mista neste ferje. No blir det langt lettare å køyra. Og så tek dei flaskehalsar lenger nordover óg. Det kjem seg, seier Lars Bondhus.

I alt 2,5 km med ny veg - inkludert den 610 meter lange Uførotunnelen - har kosta 60 millionar kroner. Halvparten av summen er bompengar frå ferjesambandet Halhjem - Sandvikvåg.

Uføro-vegen, som no blir sykkelsti, blei opna for biltrafikk i 1965.

FLASKEHALS BORTE: Tungtransportsjåfør Lars Bondhus er blant dei som er spesielt glade for at den frykta Uføro på E 39 over Stord er erstatta med tunnel og ny veg.<p/> FOTO: OVE A. OLDERKJÆR