• Det kjennest nesten som eg har fått Arne ein gong til. Eg er så veldig, veldig glad, seier Gerd Gjerde til Bergens Tidende. I går fekk ho gitt sonen (34) ein god klem på Voss sjukehus.

ARNE HOFSETH

Arne Gjerde kom til sjukehuset i etter måten god form i går. Då hadde den tynnkledde skiløparen overnatta tre netter i snøholer i Stølsheimen.

Bønhøyrde

Foreldra, Gerd og Arvid Gjerde frå Gjerde i Samnanger, ikkje langt frå Tysse, hadde nesten gitt opp håpet om å få sjå sonen att i live. Dei var på veg til Voss for å gje lensmannen eit bilete av den sakna, så han kunne etterlysast. Undervegs ringde eldstesonen Magne som jobbar i politiet, og fortalde at Arne var funnen i live.

— Skal seia at vi vart glade og letta, jublar foreldra.

Sjølv om Magne enno ikkje visste noko om tilstanden til broren, utover at han var i live.

— Vi vart bønhøyrde, seier Gerd Gjerde med overtyding. Ho er sterk i trua, og var sikker på at Arne hadde overnatta i snøhole, ikkje i hytte.

— Det vart danna mange bøneringar for Arne og for oss desse dagane. Både lokalt i Samnanger, og vidare utover landet. Ja, også i Sverige var det folk som bad for oss, fortel ho.

Når bøneringane gjekk så vide, har det samanheng med at elevane ved Sygna vidaregåande skule, der Arne arbeider, har elevar frå eit vidt område.

Liten svipptur

Driftsleiaren ved Sygna hadde vore heime hjå foreldra i Samnanger, og skulle berre ta ein liten tur innover Sendedalen på Vikafjellet undervegs attende til jobben i Balestrand.

Det enda med tre iskalde døgn i snø, sludd, vind og snøholer.

— Han reiste frå Samnanger på sein føremiddag, og rekna med å ta ein tur på om lag tre timar i det fine påskevêret. Han skulle vera attende ved bilen ved halvsekstida, fortel foreldra til BT.

Mora prøvde å ringa eit par gonger til mobiltelefonen hans. Let det ringa veldig lenge, men fekk ikkje svar.

Mobilnettet har dårleg dekning i området.

— Eg likte ikkje at han la ut på ski i fjellet åleine. Men når det gjeld slikt, høyrer han ikkje på mor. Han har vore åleine på tur oftare enn eg likar, seier ho.

— Han er også meir vågal enn eg likar, legg ho til, og får støtte av mannen.

— Arne er sterk, seig og uthaldande, og likar ei utfordring, seier Arvid Gjerde.

Han trur at hardhausen kan ha gått raskt innover Sendedalen, og kome langt inn i Stølsheimen før han ansa seg. Så har han ikkje lenger visst kvar han var.

To snøholer

Familien fekk i går snakka med Arne på sjukehuset.

— Han har forfrysningar på fingrar og tær, og fått i seg litt skjelving som ikkje ville sleppa taket. Men han var ikkje nedkjølt då han vart lagt inn. Kroppstemperaturen skal ha vore 37,4, seier systra, Herdis Eikestad.

Arne har fortalt dei at han sende tekstmelding då han innsåg at han ikkje kom seg til folk første kvelden.

Han brukte skiene og dei vottelause nevane til å grava snøhole.

Som snøholegravar må han ha vore ein meister. Tynnkledd, og utan sovepose heldt han seg varm nok til å overleva, ikkje berre ei natt, men tre.

— Han brukte berre skiene til å sitja på, ikkje sekken, seier faren, og ristar lett på hovudet.

Det var forresten ikkje rare sekken han hadde med seg, av den lette typen og nesten innhaldslaus.

I går føremiddag høyrde han ein lyd, sannsynlegvis frå ein snøscooter. Han forsto at leitemannskap var i nærleiken. Han måtte koma seg ut av snøhola og gjera seg synleg. Dermed la han i veg på ski. Då vêret vart så klart at Sea King-helikopteret kom seg på vingane, oppdaga mannskapet skiløparen på den kvite vidda, plukka han opp og flaug han til sjukehuset på Voss.

God form

— Han er i forbausande god form etter alt han har vore gjennom, seier avdelingsoverlege Tor Nedrebø ved kirurgisk avdeling på Voss sjukehus til BT.

— Ville ein dårlegare trent mann ha greidd seg?

— Det er vanskeleg å svara på, men det er lett å tenka seg at det kunne gått ille.

— Kva skjer med pasienten no?

— Han er innlagt her på sjukehuset, og det er for tidleg å seia kor lenge vi bør ha han her. Frostskadene treng ei nærare utgreiing og handsaming, seier Nedrebø.

Rosar redningsfolka

Sjølv for den som er sterk i trua, kan ein slik situasjon vera ei stor påkjenning.

— Det har vore nokre fryktelege døger, vedgår Gerd Gjerde. Ho kan ikkje lovprisa redningsfolka godt nok.

— Dei har vore heilt fantastiske, alle saman, i Bergen, på Voss og oppe på fjellet.

Familien reiste opp på Vikafjellet, skreiv lapp som dei la under vindusviskaren på den parkerte bilen ved Finnbuene, og la ein matpakke under bilen. Dei fekk eit glytt inn i redningsaksjonen, der politi, mange hjelpekorps, sivilforsvaret og redningshundførarar samarbeidde om den vanskelege oppgåva i det dårlege vêret. Først i går kunne det mest effektive hjelpemiddelet, helikopteret, settast inn.

— Vi er veldig takknemlege for den oppofrande innsatsen dei legg for dagen, seier familien frå Samnanger, jublande glade over at det gjekk godt.

GLADE FORELDRE: Gerd og Arvid Gjerde hadde nesten gitt opp håpet om å få sjå sonen att i live. - Skal seia at vi vart glade og letta, jublar foreldra.<p/> FOTO: ARNE HOFSETH
PÅ SJUKEHUSET: Arne Gjerde kvilar ut på sjukehuset på Voss - etter strabasene på Vikafjellet.<p/> FOTO: PRIVAT