Det skriv avisa Firda.

Framlegget vart reist av Sogndals Astrid Marie Nistad, på bakgrunn av dei mange kanselleringane og overflygingane på Haukåsen gjennom lengre tid, skriv avisa.

"Lufthamnene må oppgraderast, og Sogndal lufthamn har førsteprioritet", heiter det i partiprogrammet Ap skal gå til val på.

Både Hyllestads Harry Mowatt, Gloppens Svein Førde og Førdes Hans Bruland åtvara mot å nemne konkrete flyplassnamn og nøre opp under fogderistrid, skriv Firda.