Det er i eit avisinnlegg i Firda at lektoren går hardt ut mot kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell (SV), som kjem frå Naustdal i Sunnfjord.

Her skriv han blant anna at: «Vi har fått ein kunnskapsminister som slær om seg med eit fordummande språk av knot. Statsråd Bård Vegar Solhjell har ansvar for norskopplæringa. Kvar gong denne statsråden seier noko, er det ein demonstrasjon av språkleg avlæring.»

— Eit dårleg førebilete

Solheim, som tidlegare var leiar av Norges Naturvernforbund, seier at han ikkje har for vane å gå til personangrep på folk. Men i denne saka måtte han gjera eit unntak.

— Når Solhjell verken snakkar dialekt, nynorsk eller bokmål, signaliserer han at språk ikkje er viktig. Det er så alvorleg at eg var nøydd til å gjera noko. Han framstår som eit skrekkens eksempel, seier Solheim til bt.no.

Han meiner kunnskapsministeren er eit dårleg førebilete for norske skuleelevar.

«Den eleven som kjem i skade for å høyre statsråd Solhjell i radio eller fjernsyn, får vite at språket er noko av det minst viktige i verda», skriv lektoren.

— Dei kan lett få inntrykk av at det dermed ikkje er så nøye korleis dei snakkar, seier Solheim til bt.no.

- Bør endra språket

«Økonomar som har slik omgang med pengar som statsråd Solhjell har med språket, kjem i klammeri med straffelova. Ingeniøren som konstruerer med like slumsete bruk av sine formlar, let etter seg nybygde ruinar. Kunnskapsministeren forvaltar kunnskapsløftet, men verkar fjern frå den tanken at det er med språket vi løfter kunnskapen», heiter det i avisinnlegget.

Ifølgje Førde-lektoren bør Solhjell prøva å anten snakka noko som liknar meir på nynorsk, eller ta steget ut og berre bruka bokmål.

— Solhjell har ikkje gløymt sin opphavsdialekt, og han er verken så gammal eller dum at det skulle vera vanskeleg for han å endra på språket sitt, seier Solheim.

Han skriv vidare at: «Kongens menn og kvinner bør truleg snakke slik at ikkje den ufrivillege eigenparodien er det første vi tenkjer på. Det er vanskeleg med Solhjell. Han snakkar som eit trestykke på vatnet, drivande i likesæla.»

Kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell ville ikkje kommentera saka i dag.

- Solheim er ein elitist

Gruppeleiar i Bergen SV, Oddny Miljeteig, er opprørt over kritikken mot partifelle Solhjell.

— Då eg las saka, var eg nær ved å få hjarteinfarkt. Eg er aldeles mållaus over Erik Solheim. Han representerer ein språkleg elitisme og purisme som høyrer fortida til, seier Miljeteig.

Ho er sjølv ein aktiv nynorsk- og dialektforkjempar, og føler at målsakshjarta hennar har fått seg ein trøkk.

— Solheim signaliserer at dialekt ikkje er godt nok. Eg var med på dialektaksjonen på 1970-talet, der slagordet «Snakk dialekt- skriv nynorsk» blei utforma. Hovudbodskapen her var at folk skulle få lov til å snakka det språket som er naturleg for dei, seier Miljeteig.

At Solhjell ikkje snakkar rein Naustdal-dialekt har ikkje noko å seia, ifølgje Miljeteig.

— Enkelte snakkar tilnærma likt heile livet, medan andre i større grad blir påverka av miljøet rundt seg. Ein må tola at ikkje alle snakkar like reint og vakkert. Folk må få snakka som dei vil. Og det gjeld også om ein er kunnskapsminister.

SV-politikaren meiner at Solhjell ikkje knotar.

— Ein person som knotar endrar språket sitt bevisst. Bård Vegar Solhjell skriv alltid nynorsk, og eg kjenner han så godt at eg veit at han ikkje endrar talespråket sitt med vilje, seier Miljeteig.

Kva meiner du om knoting? Er det pinleg eller naturleg? Sei di meining her.

- EIT SKREKKENS EKSEMPEL: Lektor Erik Solheim frå Førde meiner at kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell snakkar som eit trestykke på vatnet, drivande i likesæla. ARKIVFOTO: HÅKON MOSVOL LARSEN
SCANPIX
KRITISK: Erik Solheim frå Førde meiner det er på tide at kunnskapsminister Bård Vegar Solhjell gjer noko med språket sitt. - Han snakkar ein graut av dialekt, nynorsk og bokmål, seier han. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH
RASANDE: - Eg var nær ved å få hjarteinfarkt då eg las saka, seier gruppeleiar i Bergen SV, Oddny Miljeteig. Hun støttar partifellen Solhjell.
Silje Katrine Robinson