— Sjansen for at smitte utanfrå er brakt inn i anlegget og produkta via dei tilsette, er forsvinnande liten. Og uansett om det no skulle bli funne smitte hjå tilsette, er det ikkje gitt at dette er kjelda. Dei tilsette kan like godt ha fått bakterien i seg frå Sognemorr eller i kontakt med råvarer på arbeidsplassen, seier informasjonssjef Grete Skundberg i Gilde Vest.

Hemmelege tiltak

Dermed held jakta på smittekjelda fram. I går møttest representantar frå Folkehelsa, Mattilsynet, Gilde og den kommunale smittevernlegen i Sogndal for å legge løpet i det vidare arbeidet.

— Vi har utveksla erfaringar, synspunkt og drøfta det vidare opplegget. Men dette vil vi ikkje gå ut med før dei tilsette ved Terina er informert, seier fungerande smittevernlege i Sogndal, Linda Svori.

— Når kan det skje?

— Måndag, antar eg. Det er opp til Gilde å informere sine tilsette, seier Svori.

Partane legg altså stor vekt på at dei tilsette skal informerast først. Det skjer etter at dei har reagert svært sterkt på at informasjon har gått ut gjennom media i dagane etter at bomba sprang ved Terina Sogndal tidleg i veka.

Tilbakehaldne

  • Dei har inntil fredag valt å ikkje stille opp i media, og har vore opprørte over ein del av det som har kome fram, seier Grete Skundberg.

— Kva reagerer dei på?

— Blant anna et dei to gonger har fått høyre gjennom direkte fjernsyn at dei vil bli permitterte. Noko som elles heller ikkje stemmer, seier informasjonssjefen.

Ikkje ein gong den lokalt tillitsvalde ved bedrifta har ønska å uttale seg om korleis det har vore etter at E.coli-mistanken slo ned måndag.

— Dei er ganske usikre, og redde for å bli misforstått dersom dei uttalar seg. Men sjølvsagt står dei fritt til å snakke ut, dersom dei ønskjer det, seier Skundberg.

Heile fredag arbeidde bedriftshelsetenesta med intervju av dei tilsette ved Terina Sogndal.

I intervjua blir dei tilsette mellom anna spurde om om dei har vore i miljø med potensiell smittefare, om dei har vore sjuke den siste tida og liknande.

Personvern

Mattilsynet har også gjort det klart at dei ønskjer å ta blod- og avføringsprøver av dei tilsette dersom dette skulle vise seg relevant. Dette har både dei tilsette og Gilde så langt stilt seg avvisande til.

Men i går snudde Gilde, og oppfordra tilsette om å stille til blodprøvetaking dersom det viser seg påkravd.

— Dersom legen vurderer at nokon bør stille til blodprøve, så vil vi be dei tilsette om å stille opp, seier Skundberg.

— Kva med avføringsprøver?

— Det har ikkje vore oppe så langt, seienr informasjonssjefen.

  • Alt er basert på frivilligheit, og det er heile tida utgangspunktet.

Ho peikar på at det blir helsetenesta som må vurdere eventuelle vidare tiltak overfor tilsette, blant anna ut frå resultata av intervjua.

— Dei som jobbar i Terina er like opptekne som alle andre av å finne smittekjelda, men vi må også ivarta våre tilsette. Dette er ei alvorleg sak, og vi snakkar også om personvern her, seier Skundberg.