• Haukeland Universitetssjukehus driv menneskesortering slik dei i dag handsamar slagpasientar.

— Ålaug (78) og Kåre Herdlevær (79) er ikkje redde for å hengja bjølla på katten. Det kan ikkje kallast anna enn diskriminering når alder vert avgjerande for om pasientane skal få plass på den avdelinga der den beste medisinske kompetansen er.

— Det er uverdig og krenkande. Som pasientar har vi alle like rettar. Då skal ikkje alder avgjere om vi alle får den handsaminga vi har krav på, meiner dei to.

Det var i sommar pensjonistekteparet frå Os brått og uventa fekk eit innblikk i korleis slagpasientar som kjem til Haukeland Universitetssjukehus tilfeldig vert fordelt mellom slageininga og Medisinsk avdeling.

Ein morgon vakna Ålaug og kjende seg så underleg trøytt. Då ho ikkje vart betre utover dagen, kontakta ho lege. Legen ante uråd og sende henne straks til sjukehuset.

Trekte feil lodd

— Han sa symptoma kunne tyda på at det var hjerneslag, seier Ålaug i dag, nesten eit halvt år etter at slaget ramma.

Ekteparet har fleire vener som har hatt slag og rekna det som sjølvsagt at Ålaug skulle leggjast inn på slageininga på sjukehuset.

  • Då legen fortalde at kona mi skulle leggjast inn på Medisinsk avdeling vart eg bekymra, seier Kåre Herdlevær.

Endå meir sjokkert vart han då han forsto samanhengen.

  • Slik rutinane er, vert pasientane delt likt mellom slageininga og Medisinsk avdeling. Ålaug var uheldig. Då ho trong hjelp, var det Medisinsk sin tur til å ta ein ny pasient, seier ho.

Sjukdomshistoria til Ålaug Herdlevær enda etter måten godt. Ved hjelp av god behandling og iherdig trening har ho klart å få attende noko av førlegheita og krafta i venstre armen og beinet. Men slaget har sett sine spor. Ålaug vert aldri så sprek som ho var.

Ferietid og stengt

Rehabilitering er ein vesentleg del av behandlinga av slagpasientar. Men fordi det var ferietid, var rehabiliteringsavdelinga på Haukeland stengt då Ålaug Herdlevær låg på sjukehuset.

  • Høgst forunderleg. Opptrening er ein svært vesentleg del av pasienthandsaminga etter slag, meiner ekteparet.

Heldigvis fekk ho tilbod om rehabilitering på Nordåstunet etter at ho vart utskriven frå sjukehuset.

  • Ingen veit korleis situasjonen ville utvikla seg om eg hadde vorte lagt inn på slageininga. Personalet på Medisinsk avdeling gjorde det beste dei kunne. Bortsett frå at det var trongt med fire på rommet, og mange netter med fleire pasientar liggjande på gangen, er eg svært nøgd med opphaldet på avdelinga, seier Ålaug.

Ekteparet understrekar at kritikken må rettast mot systemet, og ikkje mot personalet.

Herdlevær skreiv eit lesarinnlegg i BT straks etter at kona vart utskrive frå sjukehuset, men han fekk ingen reaksjonar.

  • Eg er glad for at søkelyset no er sett på denne urimelege forskjellshandsaming, og vonar det vert arbeidd vidare med saka.
- MENNESKESORTERING: Ålaug Herdlevær vart innlagt på Medisinsk avdeling på Haukeland Universitetssjukehus då ho i juni i år fekk slag. Ho var forgamal til automatisk å få plass på slageininga. - Rein menneskesortering, meiner ho og mannen Kåre.
GISKE STARK