— Dersom det er slik at folk framleis blir sjuke, bør det vurderast no også, seier Hauge,

Bergens Tidende kunne i går fortelje at ein rapport frå kommunehelsetenesta i Gulen og Masfjorden viser at mange framleis har helseplager etter eksplosjonen. I alt svarte kring 110 personar i Gulen og Masfjorden at dei hadde helseplager frå eksplosjonen i ei spørjegransking som blei gjort i mars/april. I alt 326 personar svarte på spørjeskjema.

I dei aktuelle bygdene i Masfjorden er talet på innbyggjarar med plager redusert frå 62 til 10 prosent. I Gulen indikerer undersøkinga at tilfella av helseplager berre er redusert med 15-20 prosent.

Etter at våren kom for alvor, kan sjukdomssituasjonen ha blitt verre. Så snart det blir varme i lufta tek dei svovelhaldige stoffa som blei spreidde på bakken under eksplosjonen til å fordampe og gje frå seg lukt. I følgje kommunelege Tommy Norman har han etter at granskinga var gjort, blitt kontakta av personar som først i vår har merka plager. Fleire pasientar som blei dårlege i fjor, klagar no over at dei kjenner seg tappa for energi.

— Dersom det no er slik at vi står overfor ein situasjon der folk er i ferd med å bli kronisk sjuke, er det svært alvorleg. Då bør folk få tilbod om å bu ein annan stad inntil vidare, seier Hauge.

Han meiner helsestyremaktene har svikta. Ikkje minst held det ikkje at det framleis rår uvisse om kva stoff som blei spreidd i terrenget.

— Det er stor skilnad på vaskevatn og spesialavfall. Kunnskapen om kva det er som gjer folk sjuke, verkar vere dårleg. Nasjonale helsestyremakter sa i fjor at helseplagene skuldast traumatiske reaksjonar. Det var rett og slett stygt gjort, meiner Bellonaleiaren.