Ein eldre garasje fekk hard medfart då ei sprengingssalve kom på avvegar i Sagvåg på Stord fredag føremiddag.

— Fjellet var av ein slik kvalitet at det spruta sprengingsstein mot garasjen, forklarar dagleg leiar John Skorpen i Engelsen Anlegg til avisa Sunnhordland.

Entreprenørselskapet lagar no rapport på uhellet og varslar forsikringsselskapet.

— Slike ting kan dessverre skje, seier Skorpen om hendinga, som skjedde ved det verneverdige skipsbyggingsmiljøet på Jensaneset i Sagvågen.

Engelsen Anlegg utfører for tida eit større vegarbeid på den tidlegare så smale Jensanesvegen. Utbetringsarbeidet til 35 millionar kroner skjer i eit spleiselag mellom Stord kommune og Hordaland fylkeskommune, og skal vera ferdig hausten 2013.