Under folkemøtet som starta klokka 17 i dag, kom ansvarleg kjemikar for Vest Tank, konsulent Karl-Jan Erstad med sin teori om kvifor eksplosjonen skjedde.

– Oljeproduktet i vaskevatnet har gitt frå seg ein fin damp og vaskemiddelet saman med bensindampen gjorde at det vart ein gneiste, sa Karl-Jan Erstad.

Han forklarte også korleis bedrifta tenkte i forkant av ulykka.

— Relativt ufarleg

– Det dei gjorde med tanken før ulykka var relativt ordinært, og vi så på det som relativt ufarleg. Men vi skulle tatt høgde for at ein del av stoffa i vaskevatnet reagerte. Det vart gjort ei risikovurdering, men ein kunne ikkje føresjå dette, sa Erstad under folkemøtet i Gulen.

Han understreka også at alle prøver viser at dei farlege stoffa ligg langt under maksgrensene.

Ordførar i Gulen, Trude Brosvik (KrF) sa at akuttberedskapen rett etter ulykka fungerte veldig godt.

– Derfor senka vi skuldrene etterpå, og det tok tid før vi skjønte at luktproblema var så store. Det burde ha vore ressursteam, som ved legionellafare, i slike saker, sa Brosvik.

Ber om gransking

Kommunalminister Åslaug Haga og stortingsrepresentant Erling Sande fra Sogn og Fjordane ber miljøvernminister Helen Bjørnøy sette ned en uavhengig gransking etter eksplosjonsulykka ved tankanlegget til Vest Tank i Gulen.

Tankane eksploderte 24. mai. I lang tid etterpå har innbyggjarane i området vore plaga av kvalme, hodepine og sår hals.

— Vi veit ikkje om nokon har handla klanderverdig, men det må vere noko å lære av ulykka. Det viktigaste er å sikre at folk ikkje lever lenge i uvissa, slik det skjedde her, seier Erling Sande.

«Tida frå eksplosjonen skjedde og fram til det vart klarlagd at folk i området ikkje har vore utsett for helsefare, har utvilsamt vore ei stor belastning for dei det gjeld.» skriv Haga og Sande.

– Vi må få rutinar for å betre tryggleiken og hjelpe kommunar med etterarbeid og klarare ansvarsfordeling. Bedriftene bør neppe ha ansvar for prøvetaking sjølv,

Dei ber om at gjennomgangen eller granskinga har særleg fokus på ansavarfordeling ved denne typen ulykker, samt strategiar for informasjon til råka innbyggjarar.

«Føremålet må vere at vi i framtida skal bli endå betre rusta til å takle liknande situasjonar som måtte oppstå.» skriv dei to.

Rune Nielsen
Rune Nielsen
ØNSKER GRANSKING: Åslaug Haga vil at Sløvåg-ulykken skal granskes i etterkant.
Jarl Fr. Erichsen