– Vi oppfattar det slik at dei helsar den norske nasjonaldagen med sitt flagg. Det er flott og slik bør det vere, seier Kårhild Hustveit, leiar i 17. mai-komiteen i Flekke.

Heilt sidan den vesle bygda i Fjaler fekk United World College som nabo i 1995, har studentar frå heile verda vore eit populært innslag i 17. mai-toget. Her er det fritt fram med utanlandske flagg, og det fargesprakande toget vert sett stor pris på i bygda, ifølgje Hustveit.

– Eg har aldri høyrt nokre innvendingar mot dette. Tvert imot ville vi blitt lei oss viss dei andre flagga ikkje var der. Då ville det vere noko viktig som mangla, seier komiteleiaren.

Konkurranse om studentane

Kårhild Hustveit stiller seg difor uforståande til debatten som har rasert på bt.no dei siste dagane.

Leiar Tore Lyssand i Os Venstre meiner at utanlandske flagg ikkje har noko å gjere i hovudprosesjonen i Bergen. Utspelet fekk støtte fra Amir Payan (SV) .

Heller ikkje Amir Sheik, leiar av 17. mai-komiteen i Oslo, vil ha noko anna enn norske, samiske og FN-flagg på nasjonaldagen.

Les også: Sjokkert over partifellen

– Eg skjønte ikkje problemstillinga til å byrje med. Dette er totalt motsett av det vi er vant til. Vi ser på det som spanande og flott, seier Hustveit.

Så populære er dei 200 utanlandske studentane, at Flekke må dele dei med kommunesenteret Dale på nasjonaldagen.

– Det er konkurranse om studentane, så halvparten går i toget her, resten i Dale, seier Hustveit.

Kvart år er mellom 20 og 30 nasjonalitetar representert i toget, kvar med sine landsflagg og nasjonaldrakter.

Helsar med sitt flag

For ei bygd med om lag 500 innbyggjarar viser UWC-studentane med sine ulike landsflagg godt igjen i toget. Likevel er ikkje Hustveit redd for at det norske flagget vil drukne i mengda.

– Det norske flagget er fremst i toget, og resten kjem etterpå. Det viser mangfald og er ein fin måte å integrere dei nye innbyggjarane på, meiner Hustveit.

Tilbakemeldingane frå studentane har også vore gode.

– Eg har inntrykk av at dei tykkjer det er ein fin måte å sjå inn og delta i vår kultur. Dei helsar nasjonaldagen vår på sin måte, og det tykkjer eg det er verdigheit over.

Kva meiner du om flaggmangfaldet i Flekke? Bør fleire opne for meir fargerike 17. mai tog? Luft tankane dine her!

FARGERIKT: Sverige, Danmark, Sudan, Tyrkia, USA, Polen og Østerrike var blant flagga som deltok i 17. mai toget i Flekke nokre år tilbake.
Atle Lyngstad Ness