— Hadde det ikkje vore for feilnavigering, så hadde vi ikkje hamna på skjeret, sa Sørbø.

Aktor Eirik Stolt-Nielsen konfronterte maskinsjefen med forklaringa han gav til politiet dagen etter ulukka, der Sørbø sa at kapteinen måtte ta ansvaret for feilnavigeringa.

Maskinsjefen er plassert bak navigatørane i styrhuset.

I den samme politiforklaringa skal "Sleipner"s maskinsjef ha sagt at kaptein Sverre J. Hagland ikkje deltok i organiseringa av redningsarbeidet, at han var apatisk.

— I ettertid kan han ha gjort mykje som ikkje eg fekk med meg, sa Sørbø under eksaminasjonen frå Stolt-Nielsen i Sunnhordland tingrett i dag.

Reagerte på kursavvik

Den pensjonerte maskinsjefen frå Karmsund forklarte også at han ved passering Ryvarden ulukkeskvelden hadde reagert på at fartøyet låg lengre vest enn han var van med. Leiv Sørbø forklarte det med at det truleg hadde samanheng med at det no blir navigert meir etter radar enn etter fyrobservasjon.

Leiv Sørbø sa også i sitt vitneavhøyr i dag at han før "Sleipner" blei sett i drift reagerte på dei store flåtane på fartøya, både med omsyn til plassering og manøvrering.

"En umulighet å operere under krevende forhold" og "utrolig at dette systemet kunne godkjennes", var uttrykk om si eiga haldning til systemet som Sørbø brukte i politiavhøyr.

— Det var komplisert og krevjande, men det var jo godkjent av Sjøfartsdirektoratet. Vi såg det dermed som nyttelaust å ta opp, sa Leiv Sørbø i retten i dag.

Leiv Sørbø kom med kritikk også av overlevingsdraktene som mannskapet iførte seg ulukkeskvelden. Draktene hadde berre ein storleik, i Sørbø sitt tilfelle altfor stor. Han snubla i dei lange føtene, drakta var årsak til at han ramla på dekk og gleid av dekk og i sjøen etter grunnstøytinga, sa han.