Med ein seriekamp igjen å spele, har Sogndal eit poeng ned til Hønefoss, og i siste runde ventar tabelljumbo Hødd borte. Den må dei vinna for å vera sikre.

– Spelar vi som i første omgang mot Løv-Ham, skal vi vinne den kampen. Slår vi ikkje Hødd, er vi ikkje gode nok til å spela kvalifisering, fastslår Risholt. Toppscorar

Hønefoss møter Sandefjord borte i sin siste kamp, men Sogndal forventar ikkje å få hjelp får dei.

– Vi må gjera jobben sjølv for å vera sikre, men det er godt å kunne avgjera det sjølv, seier Risholt.

Med sine to mål mot Løv-Ham er Risholt oppe i åtte mål denne sesongen. Det er eitt meir enn veteranen Håvard Flo.

– Eg er toppscorar no, men det er ikkje det viktigaste. Det viktigaste for oss er å vinna, men det er alltid artig å scora mål.

– Ferdig scora

Kampens første mål kom etter eit godt frispark frå Rune Bolseth, som styrte ballen i mål. Dei to neste var det Risholt som scora. Begge måla kom etter kontringar. På det første vart Per Egil Flo spelt gjennom aleine med keeper av Espen Olsen.

– I staden for å skyte sendte han ballen vidare til meg. Det var berre å breiside den i mål. Ferdigscora, seier Risholt.

Også det andre målet kom etter ei kontring, denne gongen på høgre sida. Nadolski slo inn, og Risholt styrte den fint i mål.

– Der tok eg eit 60-metersløp og fekk ballen framfor ein Løv-Ham forsvarar.

Den tunge bana gav utslag i andre omgang, og fleire av spelarane var slitne.

– Eg skulle kanskje vore bytta ut før, men vi har hatt litt skader, så dei skadde vart bytta ut i staden.

Skulle angripa

Sogndal tok grep tidleg, og det var tydeleg at dei var offensive i tankegangen då dei kom på bana.

– Vi bestemte oss for å gå utpå og gje alt. Vi satsa på eit tidleg mål, og det fekk vi, seier Sogndal-trenar Karl Oskar Emberland etter kampen.

Han var veldig godt nøgd med korleis laget stod fram i første omgang.

– Vi spelte med høgt tempo, og hadde full kontroll på dei. Dei hadde berre ein sjanse i første omgang, og etter pause kontrollerte vi inn.

Løv-Hams trenar Trond Amundsen er ikkje heilt einig i det.

– 3-0 til pause gjev ikkje ei riktig bilete av kampen. Dei scorar på sine to første sjansar, og då kjem vi bakpå.

Krampetendensar

I kampen mot Løv-Ham var Henrik Furebotn tilbake i startoppstillinga. Han pådrog seg ein lyskestrekk mot Sandefjord, og ekspertar trudde sesongen var over for hans vedkommande.

– Legen sa eg vart veldig fort frisk, seier Furebotn, var glad for å vera tilbake. Men han merkar at han har vore ute ei stund.

– Eg vart fort sliten, og fekk krampetendensar i leggen, seier Furebotn som vart bytta ut etter 68 minuttar.

Men skaden kjende han ingenting til.