TERJE ULVEDAL

— Dette er ikkje berre uansvarleg overfor folket som bur langs kysten. Det er også uansvarleg overfor dei som søkjer konsesjon for å byggje ut vindkraft, seier styreleiar Toril Molnes.

Bergens Tidende fekk i går fleire reaksjonar etter BT-oppslaget om at miljøstatsråden ikkje vil ha ein samla plan for vindkraftverk. I staden skal fylka få ansvaret for slik kartlegging. Vindkraftverk som det er søkt konsesjon for skal heller ikkje leggjast på is i påvente av dei regionale planane. Bjørnøy meiner det er viktig å komme i gang med ei skikkeleg satsing på fornybar energi, og ho meiner vindkraft vil bli svært viktig i framtida.

«Stopp raseringen av kysten» karakteriserer seg som ein paraplyorganisasjonen for motstandarane av dagens planar for vindkraft. I følgje styreleiar Molnes har dei alt fleire tusen medlemer. I alt 13 lokale aksjonskomitear i åtte fylke er no tilknytt. Neste helg skal aksjonen ha årsmøte i Ålesund. Det håpar Molnes skal bli ei storstila mobilisering mot vindkraftutbyggingar som ho meiner vil kunne leggje store delar av norskekysten aude.

— Folk og vindmøller høyrer ikkje saman. Det hadde vore noko heilt anna om dei hadde lagt alle vindmøllene fem mil ute i havet. For meg er det eit veldig paradoks at styremaktene kjempar med nebb og klør for å halde på 100-meters beltet langs Oslofjorden, mens dei ser ut til å vere villige til å godta det meste av vindmøller i strandsonen langs kysten frå Lindesnes til Nordkapp.

— Har ikkje statsråden eit poeng når ho hevdar det er på høg tid å komme i gang med ei skikkeleg satsing på ny fornybar energiutbygging i landet?

— Det som hastar er at styremaktene skaffar seg kunnskap frå andre land som har bygt ut vindkraft i stor stil, svarar Molnes. Ho meiner erfaringane er eintydige. Vindmøller på land og busetnad går ikkje saman. I tillegg er konsekvensane for fugl og fisk ukjende.