— Det var geologar her for mange år sidan og då vart det snakka om å skyta vekk området det no rasa frå. Men det må skje noko før det vert gjort noko med det, seier Oddny Teigland. Ho bur på nabogarden og vakna klokka 05.45 tysdag morgon.

— Først trudde eg det var snøras, og så tenkte eg på torevêr, før eg skjønte kva det var, seier Oddny. Ho fortel at folk på Mundheim, fleire hundre meter vekke, vakna av raset.

— Eg er glad for at det ikkje var folk i huset.

Både Oddny og dottera Ingebjørg fortel at dei er vane med at det kjem ned mindre stein.

— Ein kan ikkje gå rundt å vera uroa, men eg har tenkt på ungane som likar å gå på tur i granskogen som er planta for å hindra ras. Trollskogen kallar dei han, seier Ingebjørg. Det er òg ein gamal stølsveg ikkje langt frå rasstaden.

Oddny seier det var godt raset kom så tidleg om morgonen, hadde det kome seinare hadde det vore meir trafikk i området. Både skulebuss og rutebuss går forbi.

Verken geolog Espen Hammersland eller overingeniør Ingmar Ølmheim i statens Vegvesen kjenner til at det har vore vurdert å sprengja ut lause steinblokker på rasstaden tidlegare.