• Vi har kjempeproblem i skulen. Då er det galskap av fylket å gøyma unna pengar til Hardangerbrua, seier fylkesleiar i Utdanningsforbundet, Ingunn Alver, til Bergens Tidende.

Ingunn Alver har merka seg at fylkesrådmannen og fleirtalet i fylkestinget no leitar etter ein måte å sikra at konsesjonskraftpengar kan «gøymast unna» til Hardangerbrua, samstundes som fylkeskommune slit med store underskot og må skjera ned på tenestetilbodet både her og der.

— Det handlar om 62,3 millionar kroner over tre år som fylkeskommunen vil sikra til Hardangerbrua. Men samstundes opplever vi at den nye Olsvik vidaregåande skule, som skulle vore opna i år, vert utsett til 2006. Den nye vidaregåande skulen på Sørås var planlagt opna i 2006, men må no venta til 2008.

— Dette skjer samstundes som vi får 586 nye elevar i den vidaregåande skulen i Hordaland til neste år, og 2000 fleire til 2007. Alt i år hadde fylket store vanskar med å plassera alle elevane. I tillegg ligg fylkeskommunen 40 lærarstillingar under det minstemålet som Utdannings- og forskningsdepartementet har fastsett for å sikra ei forsvarleg undervisning.

— Eg skal ikkje blanda meg i Hardangerbru-debatten, men vi har verkeleg store problem i den vidaregåande skulen no, seier Ingunn Alver.