— For meg er det eit stort vonbrot at regionformen ser ut til å bli lite omfattande. Den grunnleggande kritikken mot dette forvaltningsnivået kan difor bli ståande, sa fylkesrådmannen i sin tale ved opninga av fylkestinget i Rosendal i dag.

Nilsen er kritisk til utviklinga i reformarbeidet.

— Det mellomste forvaltningsnivået er som vanleg pressa frå to kantar samstundes.

Han synest ikkje det var logisk å definera oppåvene først, og den geografiske storleiken etterpå.

— På denne måten har store regionar små sjansar for å lykkast. Hadde store regionar vore eit politisk utgangspunkt, ville kravet om oppgåver vore unisont. Trøysta får vera at siste ord er ikkje sagt, seier Nilsen

SKUFFA: Fylkesrådmann Paul M. Nilsen