— Vi må vere villige til å sette makt bak krava, seier Alsaker. Etter over 15 år med internasjonal krangel om marknadstilgang for norsk laks har vi i dag både minstepris til EU, straffetoll i USA og stengte grenser til Russland.

Alsaker etterlyser full oppvask om korleis kampen for fri lakseeksport skal førast, både hos styresmaktene og hos oppdrettarane sine eigen organisasjonar. Han vil ha inn nye idear og nye folk.

— Den strategien ein har fylgd har ikkje lukkast, seier Alsaker.

Går til WTO

Torsdag samlast næringa til krigsråd for å avgjere om Noreg bør klage EU inn for Verdas Handelsorganisasjon, WTO.

Alt tyder no på at EU frå og med komande søndag vil innføre ein minstepris på norsk laks i fem år framover. Ei slik ordning kan koste oppdrettarane dyrt om marknadsprisen fell under minsteprisen.

Både i 2001, 2002 og 2003 låg prisen på laks i lange periodar lågare enn den minsteprisen på 25 kroner pr. kilo som EU vil ha.

Sjølv laksenæringa sin sjeflobbyist, Per Dag Iversen, trur ikkje lenger det er von om å få EU på andre tankar. Oppdrettarane må innstille seg på at minsteprisordninga kjem.

— Vi har ikkje grunn til å gjere noko anna, seier Iversen.

Etter at alle diplomatiske middel i høve til EU er utprøvd står ein klage til WTO (Verdas Handesorganisasjon) att som ein siste utveg.

Langvarig strid

I over 15 år har skotske oppdrettarar klaga på konkurransen frå Noreg. Igjen og igjen har dei lukkast i å få EU til å legge hindringar i vegen for norsk lakseeksport.

Etter den førre minsteprisordninga, som tok slutt sommaren 2003, tok det berre eit halvt år før skotske klager fekk EU til å bu seg på ein ny runde i laksekrangelen med Noreg.

Men denne gongen sette norske oppdrettarar og styresmakter lenge hardt mot hardt, truga med å gå til WTO og nekta å bøye seg for EU sine trugsmål.

Motstand frå Danmark og andre land med ein stor lakseindustri som brukar norsk laks som råstoff gjorde at EU-kommisjonen hadde vanskar med å samle nok støtte til sine straffetiltak mot Noreg.

Først då kommisjonen i fjor vår innførte ein straffetoll på 16 prosent og plukka ut 92 oppdrettsselskap til å få ein ekstra høg straffetoll, bøygde dei norske oppdrettarane unna og bad kommisjonen om godt ver.

Resultatet vart ein mellombels minsteprisordning som varer til søndag.

Men dei som trudde høge lakseprisar skulle få striden til å gli over før den mellombelse ordninga tok slutt, har grunn til å vere skuffa.

Når EU innfører minstepris i inntil fem år og det er heilt opp til EU om nivået for minsteprisen skal revurderast undervegs.

OPPDRETTAR: Gerhard Alsaker etterlyser full oppvask om korleis kampen for fri lakseeksport skal førast. ARKIVFOTO: KNUT EGIL WANG