• Slike historier må skremme vettet av gravide, som får vite på ultralyd at barnet er funksjonshemma.

KJERSTI MJØR

Det seier nestleiar Anne-Berit Kolås i Norges Handikapforbund sørvest i ein kommentar til gårsdagens oppslag i BT.

Eit foreldrepar med ei multihandikappa tvillingdotter kjempar ein innbitt kamp mot Stord kommune. Foreldra har ikkje hatt meir enn ei veke ferie på to år, og slit seg ut på å pleie 2-åringen.

Familien meiner at kommunen ikkje gjer nok for å avlaste dei.

— Eg blir fortvilt og oppgitt på vegner av familien, men det er ikkje første gong vi høyrer slike historier. Vi trur heile tida at ting skal bli betre, men det ser ut til at vi må slite til evig tid, seier Kolås til BT.

— Eg er ikkje for utveljingssamfunnet, og imot at funksjonshemming skal vere grunn for abort. Men når ein les i avisa om kva som skjer dersom ein ber fram eit funksjonshemma barn, kan ein forstå dei som tek det valet.

— Er dette ein typisk eller utypisk situasjon for familiar med funksjonshemma ungar?

— Den er ganske typisk. Når vi veit at foreldre til funksjonshemma barn «shoppar» kommunar etter kor hjelpetilbodet er best, fortel det mykje om vanskane i mange kommunar - ikkje berre Stord, seier Kolås til BT.

— Kva råd har du til familien på Stord?

— At dei må stå på krava sine for å få kommunen til å ta ansvar. Dersom foreldra blir heilt utslitne, kven skal ta ansvaret då?