I går kveld gjennomførte politiet både søk og rundspørjingar i området. De to gutane vart observert på Hornnesvegen mellom Kletten og idrettsbanen mellom klokka sju og åtte drapsmorgonen.

Staden der ei kvinne såg gutane er om lag halvannen kilometer i luftlinje vest for Angedalsvegen, der Anne Slåtten vart funnen drepen.

Kvinna såg dei to gutane gå fram og tilbake i vegen. Dei skal ha skjult seg bak krattskog ei stund før dei kom fram att og gjekk mot sentrum. Kvinna har ikkje gitt politiet nokon alder på gutane, utover at dei er unge.

I går kveld gjekk polititenestemenn frå dør til dør og spurte folk om kva dei hadde sett den aktuelle morgonen.

Samstundes var sivilt politi svært interessert i å sjekke området for moglege spor, heile vegen frå der gutane vart sett, og til drapsstaden.

Etterforskarane vil sjekke ut om dette kan ha vore fluktruta for Anne Slåtten sin drapsmann.

— Vi ønskjer å kome i kontakt med desse gutane. Dei var våte og må ha vore ute ei god stund. Då kan dei sitje på verdifulle opplysningar for oss, seier lensmann Kjell Fonn.

Han fortel at kvinna som såg gutane melde seg for politiet først i går, halvannen veke etter at det vart slått drapsalarm. Observasjonen verkar å være svært interessant for politiet. Dei går ut med følgjande signalement:

Begge gutane er mørke i håret og lyse i huda. Den eine er høg og tynn, den andre merkbart mindre. Den minste guten skal ha halta.

Politiet vil ikkje seie noko om kva miljø dei har leita i for å finne fram til gutane.

I nærleiken til Hornnesvegen er det bustadhus og eit asylmottak.