• På Årdalsstova blir folk skjenkte til dei dett i golvet, forklarte ein valdstiltalt sogning i retten. 22-åringen hadde fått så grundig pryl av dørvaktene at han sjølv slapp straff for episoden.

Såpass mykje juling hadde dørvaktene gitt den tiltalte 22-åringen at retten valde å frikjenne han på eit tiltalepunkt. Dette trass i at han sjølv hadde brukt grov vald like før.

Dei som skjenker folk fulle...

Retten meiner at den private avstraffinga var hemn frå vaktene si side.

— Dei som skjenker folk fulle har eit særleg ansvar for å syte for at bortvising av fulle gjester skjer i kontrollerte former, står det i dommen frå sorenskrivar Steinar Velle i Indre Sogn tingrett.

— Sjølv om tiltalte er den som starta og har brukt mest vald, må det likevel føre til straffefritak når den fornærma har gått for langt i sin maktbruk, går det vidare fram.

Biletet som i dommen blir teikna av miljøet i og rundt utestaden Årdalsstova - eller berre «Stova» på folkemunne - minner meir om ein westernsaloon enn ein serveringsstad i dagens Norge.

Uakseptabelt

22-åringen forklarte at han var full allereie då han kom på «Stova» laurdag 12. januar i år, og at han i ettertid «ikkje skjønar at han slapp inn». Då han seinare vart utvist, slo tiltalte fleire slag mot ei av vaktene. Då vakta greip inn, beit 22-åringen han hardt i armen. Utanfor lokala kom ein kollega og heldt tiltalte fast.

Medan den eine vakta heldt, slo den andre vakta den rusa 22-åringen to-tre gonger i hovudet.

— Det er heilt uakseptabelt når ei dørvakt tar lova i eigne hender og avstraffar folk, seier 22-åringens forsvarar, advokat Louis Anda, til Bergens Tidende.

Tingretten meiner også det var ei privat avstraffing, som fører til at 22-åringen ikkje kan domfellast for sin del av valden.

På det andre tiltalepunktet gjekk han derimot ikkje klar.

Slo med kubein

Denne episoden skjedde ein desemberkveld i fjor, då det var juleball og krydde av meir eller mindre rusa ungdommar i sentrum av Øvre Årdal.

Rundt midnatt oppstod det eit masseslagsmål. Den tiltalte 22-åringen sat og drakk inne på «Stova» då han høyrde at broren var innblanda i eit slagsmål utanfor. For å hemne julingen broren hadde fått, reiste 22-åringen heim og henta eit kubein. Med dette slo han ned mannen han meinte hadde prylt broren. Vedkommande svima av og fekk hjerneristing, men kom frå det utan varige mein.

Retten ser svært alvorleg på bruken av eit slikt slagvåpen, og viser til at 22-åringen er valdsdømt ei rekke gonger tidlegare. Med frifinning på eitt punkt meiner retten at 90 dagars fengsel er passe, og påtalemakta fekk dermed ikkje medhald i sin påstand om 120 dagars fengsel.