• Når det no skal kjørast ut ny jord, så skal vi kunne dokumentere at den er fri for skadelege stoff, seier Sonja Skotheim.

Ho er seksjonssjef for miljøretta helsevern i Bergen kommune.

Ti prøver er tatt i kvar barnehage, og Skotheim opplyser at kommunen skal presentere det endelege resultatet i starten av februar.

— Slik vil vi medverke til at barn blir mindre påverka av miljøgifter generelt, seier Skotheim.

Det er miljødepartementet som har vedteke «Aksjon ren barnehagejord», der overflatejorda i barnehagane i landets ti største byar skal granskast. I tillegg omfattar aksjonen fem industriområde i Norge. Arbeidet er ein del av den opphavlege Soria Moria-erklæringa frå regjeringa.

— Der vi finn ureining over grenseverdiane, skal jord og sand bytast ut, seier Skotheim.

— Vi reknar med at vi må skifte ut ein del jord rundt omkring, men det endelege omfanget er enno ikkje klart. Målet er at dette arbeidet skal vere ferdig utført innan 1. september 2010.

I første omgang omfattar granskinga altså barnehagane.

— Men litt avhengig av resultata vi ser, så vil vi vurdere å gå vidare med undersøking av jorda i parkar og skular, seier Skotheim.