• Dei fire tilsette ved Knarvik Industrier skal få eit anna tilbod om arbeid dersom dei ikkje lenger kan sysselsetjast der dei er.

RAGNHILD HOV

Det seier rådmannen i Lindås kommune, Henrik Flatøy, til Bergens Tidende. Lindås kommune har eit dagtilbod for aktivisering av utviklingshemma.

Rådmannen veit ikkje om dette passar for dei fire tilsette ved Knarvik Industrier. — Gjer det ikkje det, må vi vurdera andre sysselsettingstilbod, seier han.

Flatøy understrekar også at Lindås kommune, som ein av eigarane, vil ta på seg det naudsynte økonomiske ansvaret for verksemda.

— Det har til no vore ukjent for meg at underskotet i år kan koma opp i meir enn ein halv million kroner, seier Henrik Flatøy.