• Brystkreftopererte kvinner som får symptom på tilbakefall, blir ikkje tekne tilstrekkeleg på alvor. Sjuke kvinner opplever at dei blir avviste av Sentralsjukehuset i Sogn og Fjordane.

Det seier styreleiar Oddrun Løken i Foreningen for brystkreftopererte i Nordfjord. Ho er svært kritisk til behandlinga kvinner får på sjukehuset i Førde.

I Firda viser ho til fleire døme: Ei kvinne gjekk halvtanna år med smerte i ei hofte, før ho endeleg vart undersøkt skikkeleg og fekk stadfesta at kreften hadde spreidd seg. To andre gjekk til regelmessig kontroll i fleire år, utan at tilbakefall vart oppdaga.

— Eg trudde vi var trygge når vi gjekk til kontroll på sjukehuset. Men det viser seg at vi må vere vakne sjølve, seier Løken. Foreningen ber no sjukehuset svare på om kontrollane er gode nok.