Høgre, med Erna Solberg i spissen, hamra i Stortinget i går laus mot Regjeringa og hevda at SV si haldning inneber at det er uklart kvar Regjeringa og Noreg står og at den breie semja om norsk utanrikspolitikk nå er borte.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) kunne svare med å slå fast at det nå er større semje om norsk utanrikspolitikk enn nokon gong sidan heile Stortinget, inkludert regjeringspartiet SV, nå står bak Nato-politikken.

Ei hand på rattet Særleg Høgre og Frp meinte også å kunne fastslå at det har skjedd ei klar venstre-dreiing i utanrikspolitikken. Dei ser avgjerda om å trekke norske offiserar ut av Irak og trekke norske militære ut av den amerikansk-leidde operasjonen Enduring Freedom i Afghanistan, som uttrykk for at SV har fått ei hand på rattet i regjeringskontora og i utanrikspolitikken.

Utanriksministeren let seg ikkje feie av banen av slike synspunkt:

– Sjølvsagt har SV fått ei hand på rattet. SV var med på å vinne valet og er med i Regjeringa.

SV sin motvilje eller mostand mot å sende jagarfly til Afghanistan kom ikkje til uttrykk under debatten i Stortinget.

Derimot vart usemja om den amerikanskleidde operasjon Enduring Freedom i Afghanistan, eksponert.

FN-mandat?

SV sin forsvarspolitiske talsmann, Bjørn Jakobsen, gav uttrykk for tvil om i kva grad Enduring Freedom har eit klarty FN-mandat. Det resulterte i eit stormlaup frå opposisjonen som forlangte klare svar på kva Regjeringa meiner om spørsmålet.

Både utanriksminister Jonas Gahr Støre og forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) forsikra at Regjeringa meiner operasjonen har eit klart FN-mandat.

SV sine «demonstrantar», «markørar» eller «observatørar» på plenen utanfor Stortinget i førre veke, vart avlagt mange visittar i stortingsdebatten. Opposisjonen gjorde seg lysteleg på Regjeringa sine vegner.

Til motåtak

SVs Olav Gunnar Ballo gjekk for sin del til motåtak mot kritikarane. Han viste til den utanrikspolitiske debatten som gjekk føre seg i Stortinget på dagen for 40 år sidan. Debatten skjedde på grunnlag av ei utanrikspolitisk orientering frå dåverande utanriksminister John Lyng (H) som inviterte til ein open debatt der også usemje fekk kome til uttrykk.

Sjølv viste Ballo til kva tidlegare Venstre-leiar Gunnar Garbo uttala under denne debatten i Stortinget for 40 år sidan. Garbo rosa Lyng for hans opne haldning.

Og Ballo viste til at Garbo saman med to av sine partifeller i 1967 røysta mot norsk støtte til USAs bombing av Nord-Vietnam sjølv om Venstre sat i regjering.

Sjølv slo Ballo fast at han framleis vil ha rett til å høyre på kven han vil som talar utanfor Stortinget, sjølv om SV sit i regjering. I førre veke var han interessert i å høyre Garbo tale, denne gongen utanfor Stortinget, og temaet var: norske bombefly til Afghanistan.