Den 38 år gamle bygningsentreprenøren frå Florø var ein av dei 28 mennene politiet pågreip i Hordaland og Sogn og Fjordane denne første dagen av den fellesnordiske aksjonen mot barnepornografi — «Operasjon Enea».

Sjølv om både familie, nærmiljø og arbeidskollegaene alle i ettertid er informert om korleis sakene heng saman, vil han ikkje eksponere seg med namn og bilde i avisa.

Sjokka

— Eg har ikkje noko ønske om å få merksemd på min person, og synest heller ikkje at uvitande forretningssamband rundt omkring treng å sjå at det er meg, seier mannen. - Men eg kan godt fortelje korleis eg har opplevd dette.

Mannen er sambuar og har tre mindreårige barn og hus i Florø. Han er medeigar i eit byggefirma, og har for tida ansvaret for to byggeplassar. Da han kom til den eine av desse om morgonen 25. mai på Nordfjordeid, stod politiet og venta på han.

— På byggeplassen har vi leigd inn mange folk frå underentreprenørar, og alle fekk med seg det som skjedde. Eg fekk eit ark i nevane der det stod kva eg var sikta for, og måtte følgje med til lensmannskontoret.

— Kva tenkte du?

— Eg var berre så sjokka over at dette var mogeleg. Eg har jo jobb-pc, og det er kun barna og sambuaren min som brukar pc-en heime. Men først da eg hamna på glattcella og fekk roa meg litt ned, tenkte eg på at det også var andre i huset som har fått tilgang til adsl-linja i huset.

Burde sjekka først

Han hugsa ikkje alle etternamna på dei som leigde hyblar i underetasjen i huset i Florø, og bad derfor politiet om å kontakte sambuaren for å få korrekte namn.

— Da sendte politiet to betjentar med politiskilt utanpå kleda for å hente henne på arbeidsplassen. Heilt unødvendig, etter mi meining. Dei kunne berre ha tatt ein telefon. Men slik fekk jo enda fleire utanforståande med seg kva som skjedde, seier 38-åringen.

Deretter vart huset ransaka, og alt av familiens datautstyr beslaglagt. Han slapp fri etter avhør. Først tre dagar seinare skulle politiet finne ut at det ikkje fanst eit fnugg av barnepornografi i materialet som var beslaglagt hjå familien.

Da politiet sat med namna på leigebuarane, fatta dei straks interesse for eitt av dei. Vedkommande erkjente raskt at han hadde brukt husets internettlinje til å laste ned ulovleg materiale.

— Eg kan jo ikkje late vere å tenkje at dersom politiet på førehand hadde tatt seg bryet med å sjekke kven som faktisk budde i huset, kunne eg og familien min ha vore spart for alt dette, seier 38-åringen.

Verst for barna

For at saka har vore ei enorm påkjenning, er heva over tvil. Mange oppfatta kva som skjedde, og i ein småby som Florø tar det ikkje lang tid før alle veit.

— Særleg ungane tykte det var forferdeleg. Eg fortalde straks dei to eldste barna kva som skjedde. Dei såg for seg det aller verste, og hadde nokre fæle dagar. Men heldigvis har det gått bra også med dei. Eg ringde også rundt til alle foreldre som har hatt barna sine på besøk hjå oss og forklarte.

Midt oppe i alt dette hadde han to byggeplassar å administrere.

— Det var nokre tøffe dagar. No prøver vi berre å leggje det bak oss.

Allereie dagen etter pågripinga kom første lyspunktet for mannen da han fekk vite at leigebuaren hadde erkjent å ha brukt linja til nedlasting. Seint på torsdagen fekk han vite at familiens eigen maskin var undersøkt og funnen rein. Fredag gjekk politiet ut i media og forklarte at han var uskuldig sikta. Politiet troppa dessutan opp på arbeidsplassen hans og forklarte kollegaene det same.

- Ingen polititabbe

— Kva tenker du om saka no i ettertid?

— At politiet bør legge litt meir arbeid i å bli sikre i si sak før dei aksjonerer slik. Dei sa etterpå at dei heller ville la ti skuldige unnsleppe enn at ein uskuldig vart tatt. Eg føler ikkje at dei har handla etter dette i mi sak, seier mannen. - Det er vel ikkje så uvanleg at fleire enn den registrerte abonnenten har tilgang til internettlinjene inn til eit hus.

I ettertid streka politiet under at 38-åringen er heilt reinvaska, men gjekk ikkje med på at det var ein tabbe å pågripe 38-åringen. Overfor Bergens Tidende har politiadvokat Knut Broberg sagt at det var naturleg å pågripe han slik omstenda var.

PS. Også i Årdal i Sogn slo politiet til mot ein uskuldig barnepornomistenkt denne dagen. Denne saka har dei òg beklaga på det sterkaste. Bakgrunnen for tabben var ei namneforveksling.