Statnett ønskjer å setje i gang utbyggingsprosessen til kring 430 millionar kroner i Hardanger så fort som råd.

Byggestart kan bli i siste halvdel av 2007, og går alt etter planen, står kraftlina ferdig kring årsskiftet 2009/2010. — Men dette er sjølvsagt avhengig av eit vedtak i Statnett om at leidningen skal byggjast, seier Fjellstad til BT.

— Kritikarar seier til BT at Statnett ikkje har vurdert mange nok alternativ?

— Det er vanskeleg å vite kva dei siktar til, men det reknar vi med å finne når vi dreg på besøk til kommunane neste veke. Vi er sjølvsagt opne for å høyre innspel frå alle som har meiningar om.

I Statnett-meldinga, som no er ute på høyring, står det at kabling i bakke eller sjø blir svært dyrt. Mens luftleidning kostar kring 4 millionar kroner per kilometer, er prisen på sjø- og jordkabel er mellom 20 og 30 millionar kroner.

Ifølgje Olje- og energidepartementet er det derfor uaktuelt å kable leidningar med mindre det er særs store miljøulemper, eller når andre løysingar ikkje er teknisk mogleg å gjennomføre.

— Før eller seinare må dessutan ein sjøkabel på land. Fjorden går ikkje heilt fram til Samnanger. Det er opp til Norges Vassdrag- og Energidirektorat (NVE) å bestemme kva Statnett skal greie ut nærare, opplyser Fjellstad.

— Statnett har sett i gang denne prosessen for å løyse problema med kraftforsyningar til bergensområdet. At det får nokre negative konsekvensar, er ikkje til å kome ifrå, og det er heilt vanleg med motstand mot luftleidningsprosjekt.

— Men lokalt engasjement er bra. Statnett får mykje relevant informasjon, når folk engasjerer seg, Vi ønskjer å orientere så breitt vi kan, og kome i dialog med lokalsamfunnet. Det er heller ikkje sikkert at den løysinga vi har meldt, er den vi ender opp med, seier Fjellstad til BT.