• Vi har gjort oss ein del tankar om kor gale dette kunne gått. Eg trur vi skal vere sjeleglade alle har livet i behald, seier familiefar Geir Sydnes etter ein dramatisk båtbrann i Lukksundet fredag kveld.

Heile familien fekk redda seg over i ein hjelpande båt før den 27 fots store plastbåten deira brann opp og gjekk ned i Lukksundet mellom Tysnes og Kvinnherad.

Familien med far, mor og tre jenter, og dessutan dalmatinaren Kaisa, var akkurat komne inn i sundet etter å ha kryssa den opne Fusafjorden.

— Vi har tenkt ein del på kva som kunne skjedd om brannen hadde oppstått litt lenger ute på fjorden, seier Sydnes.

Fekk flammane i ansiktet

Familien bur i Lekvenvågen på Os. Dei hadde tenkt seg til Norheimsund på trebåtfestival denne helga. Dei kom berre 45 minutt av garde. Politiet fekk melding om båtbrannen cirka klokka 22.15 fredag kveld. Sydnes ringde sjølv naudnummeret 112. Sjokkerte hytteeigarar inne på land var vitne til dramaet og ringde også naudtelefonen.

— Eg merka at vindaugsviskarane brått slutta å gå. Då eg skulle sjekke nærmare, såg eg at det så vidt kom røyk ut frå motorrommet. Eg opna luka, og då stod flammane rett i ansiktet på meg. Eg fekk slengt luka att, stoppa båten og fekk ungane ut. Båten var full av røyk i løpet av eitt minutt. Etter tre minutt kom båten som redda oss. Det tok berre ti minutt før flammane slo gjennom kalesja og heile båten var overtent. Eit par minutt til, og vi måtte hoppa i sjøen. Eg hadde ikkje sett lyst på å hamne i sjøen med dei skumle straumane som er i sundet, seier Sydnes.

- Måtte redde ungane

— Det einaste vi tenkte på var å få ungane vekk frå båten. Det slo oss aldri at vi måtte redde noko anna om bord, seier han.

— Ungane kom til land utan sko og jakker. Og det er første gongen eg har gått frå tobakken min, fortel Geir Sydnes.

Inne på land måtte familien konstatere at båten brann opp. Etter halvannan time gjekk båten frå 1980 ned.

Men familien brydde seg lite om at båten til ein verdi av 300.000-400.000 kroner gjekk tapt saman med mange personlege ting.

— Nei, eg brydde meg ikkje. Eg var berre sjeleglad for at ungane var redda, seier Geir Sydnes.

Båten var forsikra. Men eit lass med nye klede som var kjøpt til ungane, gjekk opp i flammar. Det same gjorde karakterboka som eldstejenta hadde tatt med for å vise foreldra.

<b>GLADE DEI BERGA LIVET:</b> Familien Sydnes - frå venstre mor Britt, bak storesøster Lise (14), far Geir med Vibeke (5) på skuldrane og foran Kristin (7).<p/>GIDSKE STARK (foto)<p/>
<b>GJEKK NED: </b>Den 27 fot store plastbåten frå 1980 brann opp og gjekk ned i Lukksundet mellom Tysnes og Kvinnherad fredag kveld.<p/> FOTO: MAGNAR HELVIK