Det er konklusjonen til politiavdelingssjef Tove Lian Mathiesen, etter å ha mottatt ein utfyllande rapport frå dei to i patruljebilen.

— Dei to gjekk ut av bilen for å lytte og sjå. Dei snakka både med to jenter på eit busstopp ved Strandkaien, og med ein Securitas-vakt. Politifolka gjorde det dei kunne, seier Lian Mathisen.

Jentene politimennene snakka med hadde også høyrt rop, men trudde dei kom frå borte ved Østre Murallmenning. Den første meldinga om naudropa vart ringt inn av ei kvinne som bur ved Fisketorget.

Dagen etter vart to menn funne drukna i Vågen. Dei to hadde etter alt å dømme vore om bord i ein fortøyd seglbåt.

Politiet trur at den eine ramla i sjøen, og at den andre hoppa etter i eit forsøk på å berge kameraten.