IBS kalte seg tidlegare TBS, inntil Oslo politikammer gjennomførde razzia mot selskapet med mistanke om tilsikta feilfakturering. Dei siste vekene har Forbrukarrådet i Hordaland dagleg fått tre-fire telefonar frå fortvilte abonnentar som meiner at teleselskapa krev pengar for tenester dei aldri har nytta seg av.

— Det er pussig og veldig mistenkjeleg at desse to selskapa stadig går igjen. Vi får nesten aldri klager på dei andre, seier informasjonsmedarbeiar Martin Halsos i Forbrukarrådet.

Taktikken til selskapa er klar: Kravet er ofte så lite - kanskje knapt 200 kroner - at folk ikkje alltid reagerer på rekninga. At det er så lite, gjer også at det ikkje løner seg å gå rettens veg.

— Her i landet er det dessverre mange selskap som sender ut falske rekningar i håp om at folk betalar. Tidlegare har dette stort sett ramma firma, men no ser det ut til at også privatpersonar blir utsette for den slags.

Her er Forbrukarrådets tips til deg som har fått rekning på tenester du ikkje har nytta deg av. n Skriv eit brev til firmaet om at du ikkje har nytta deg av desse tenestene, og be selskapet trekka kravet. Ta kopi av brevet. E-post eller faks er ikkje godt nok!

  • At firmaet deretter sender saka til inkasso, er svært vanleg. Skriv brev til inkassobyrået, og gjer merksam på at det er tvist om beløpet. Legg ved kopi av det første brevet som bevis. I følge inkassolova kan det nemleg ikkje hevast salær når det er tvist om beløpet.
  • Siste utveg for selskapet er dermed å gå til retten, men det skjer svært sjeldan i slike saker.